Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sommaren 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sogn om å ta i bruk Nokre Salmar av Elias Blix. Initaitivet kom frå A. B. Vamraak, Hermund Refsdal og Vilhelm Flugeim, og det samla 67 underskrifter frå dei fleste bygdene i Sogn. Oppropet kom på den tida då dei fyrste kyrkjelydane i Sogn vurderte å ta i bruk Blix-salmane. Det byrja på same tida òg å kome opp spørsmål om å ta i bruk landsmål i skulen. Lista med underskrivarar gjev eit godt bilete av kven som på dette tidspunktet stod i spissen for målreisinga i bygdene i Sogn.

Tittelen på oppropet var «Til kyrkjefolki i Sogn». Det sentrale avsnittet lyder slik:

«Me meiner då, at tidi no må vera komi til å senda bøn rundt til våre venar, kjenningar og medarbeidarar i Sogn um å tenkja yver saki med alvor, gjera seg sjølv kjend med salmarne og hjelpa til, at andre må verta det, gjera det ved å få dei sungne eller lesne i heimen, i samlingarne, og elles so langt råd er, so vidt som godviljen for dei vil rekkja.»

Oppropet var datert Kyrkjebø 23. juli 1899 og signert A. B. Vamraak, Hermund Refsdal og Vilhelm Flugeim.

Vidare heiter det at «Etter tilspurnad skriv ogso me gjerne under på dette brev:»

Namn i opprop Tittel i opprop Stad i opprop
A. Hanetveit ordførar Gulen
O. J. Midtun gardbrukar Gulen
A. Korsvold byggmeister Gulen
Lars Opdal gardbrukar Gulen
Ola B. Harbakke medhjelpar Sulen
G. J. Grinde gardbrukar Sulen
Mons Aarøy skulestyreformann Sulen
S. H. Systad lærar Sulen
J. H. Søreide klokkar Sulen
Peder J. Gåsvær gardbrukar Sulen
J. K. Lågø ordførar Sulen
Bernt Risnes lærar Hyllestad
Jonas Sørefjord lærar Hyllestad
J. Ottesen ordførar Hyllestad
O. B. Løland lærar Hyllestad
Sjur P. Dale gardbrukar Lavik
Gullik Jensen gardbrukar Lavik
Nils Wergeland skulestyreformann Lavik
B. Sørestrand gardbrukar Lavik
Johs. Wergeland ordførar Lavik
M. Oppedal klokkar Lavik
Lasse Rasberg gardbrukar Lavik
Jo Refsdal lærar Vik
Olav Tryti medhjelpar Vik
A. Refsdal stortingsmann Vik
Svein Aase ordførar Vik
Johs. Mundal gardbrukar Balestrand
E. J. Mundal klokkar Balestrand
A. P. Øvrebø klokkar Balestrand
S. Bjåstad ordførar Balestrand
Olav Sande lærar Leikanger
A. Skeide skulestyreformann Leikanger
Jakob Bøthun ordførar Leikanger
H. Fleshe klokkar Leikanger
Nils Tjønn klokkar Feios
Bottolv Hove bibelbud Feios
Johs. O. Bondevik forlikskommisær Sogndal
J. Flotland lærar Sogndal
Ivar Gurvin gardbrukar Sogndal
Olav Hauge folkehøgskulestyrar Sogndal
Jørgen Holen gardbrukar Sogndal
Anders Slinde gardbrukar Sogndal
Jens Kvåle folkehøgskulelærar Sogndal
N. Nielssøn bakar Sogndal
Anders Hauge gardbrukar Lærdal
O. Dahle klokkar Lærdal
H. Husum klokkar Lærdal
Fru E. Michelsen Lærdal
H. M. Michelsen postmeister Lærdal
Th. Kilen lærar Årdal
Olav Bjørkum ordførar Årdal
Kr. Alme gardbrukar Hafslo
Trond Feet gardbrukar Hafslo
O. I Hillestad skulestyreformann Hafslo
Ingebr. P. Joranger gardbrukar Hafslo
Jens Mundal klokkar Hafslo
O. Heggelund Lyster
Johannes L. Lavold medhjelpar Lyster
Nils K. Stokkenes gardbrukar Lyster
S. Listau Lyster
Hans Vigdal lærar Lyster
N. H. Bruheim gardbrukar Jostedal
Anders Hjellum klokkar Jostedal
K. A. Ormbergstøl ordførar Jostedal

Namn, tittel og stad er attgjeve som i oppropet, men namna er her sorterte etter prestegjeld, frå ytst til inst i Sogn.

På nyåret 1900 skreiv prestane i Sogn under på eit tilsvarande opprop for Blix-salmane.

Kjelde

  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 388-391 (Digital utgåve, NBdigital)


Spraakskifte.png Opprop for Blix-salmane i Sogn 1899 er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.