Stødi

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. jan. 2010 kl. 10:40 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|BU200907 034 Sieidi.jpg|Sieidien på Stødi.| Bjørn Utne}} '''Stødi''' er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sieidien på Stødi.
Foto:  Bjørn Utne

Stødi er ein stad lengst nord i Rana kommune, på grensa til Saltdal kommune. Stødi ligg ved det høgaste området, kring 700 moh., av fjellpasset mellom Dunderlandsdalen og Saltdalen. Aust-søraust for Stødi ligg toppen Sváńgavárre (904 moh.) nærmast, og austom denna att Sváńga (Svangsfjellet) mot grensa til Arjeplogs kommun i Norrbottens län. Vestom passet ligg Bolnatind (1389 moh.). Frå gammalt av er Stødi særlig kjent for sieidien — ein samisk offerstad som var i bruk fram til innpå 1800-talet. Frå 1947 til 1949 var det haldeplass på Nordlandsbanen her, og frå 1950 til sommaren 1967 hade Stødi status som jarnbanestasjon. Rett nordom stasjonsområdet og austom jarnbanelina ligg Semska–Stødi naturreservat, som blei etablert i 1976.

Sieidien

Bilvegen over Saltfjellet

Arbeidet med å få til bilveg over Saltfjellet begynte frå Saltdalen i 1930 og frå Dunderlandsdalen i daverande Nord-Rana i 1931. Da vegen vart offisielt opna av kong Haakon VII av Norge laurdag den 3. juli 1937, skjedde dette på Stødi — rett ved kommunegrensa mellom Nord-Rana på Helgelandssida og Saltdal på Salten-sida.[1]

Stødi stasjon

Strekninga DunderlandLønsdalNordlandsbanen blei opna onsdag den 10. desember 1947, og frå same dagen var Stødi kryssingsspor utan ekspedisjonslokale men med haldeplass.[2] Søndag 1. januar 1950 blei Stødi oppgradert til stasjon.[2] Søndag den 20. august 1967 vart Stødi stasjon nedlagt, og Stødi blei definert som haldeplass utan togstopp med nedlagt men intakt lastespor.[2] Stasjonsbygninga og de tidligare vaktarbustadene er i privat eige no.

Fotnotar

Pekarar

Mal:Q