Statens vegvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jan. 2018 kl. 10:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Statens vegvesen''' er ein statleg etat, med ansvar for bygging og vedlikehald av riksvegar og fylkesvegar, og for tilsyn med kjørety og trafikantar. Etaten vart oppretta...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens vegvesen er ein statleg etat, med ansvar for bygging og vedlikehald av riksvegar og fylkesvegar, og for tilsyn med kjørety og trafikantar. Etaten vart oppretta i 1864. I 1995 vart Biltilsynet slått saman med Vegvesenet. Etaten ligg under Samferdsdelsdepartementet, men regionvegkontora ligg under fylkeskommunane når det gjeld fylkesvegar.

Tidlegare bygde Statens vegvesen sjølv vegar, men i 2003 vart produksjonsverksemda skilt ut i det statlege aksjeselskapet Mesta. I 2016 vart òg ansvaret for utbygging og drift av ein del motorvegar overført til det statlege aksjeselskapet Nye Veier.

Det var ved slutten av 2015 7585 tilsette i Vegvesenet, fordelt på 7313 årsverk.

Organisering

Statens vegvesen har fem regionale hovudkontor:

I tillegg har dei 72 trafikkstasjonar (per 2018) som tidlegare låg under Biltilsynet, og fem vegtrafikkstasjonar. Dei har òg ansvaret for Norsk vegmuseum og Norsk fjellsprengningsmuseum ved Hunderfossen.

Etaten er leia av ein vegdirektør. Dei som har hatt denne stillinga er:

Historie

Før Statens vegvesen vart oppretta i 1864 låg ansvaret for vegane under juristane i Justisdepartementet. Fredrik Stang oppretta i 1846 ei stilling som vegassisten under Indredepartementet for å få betre fagkunnskap om vegbygging inn på regjeringskontora. Ingeniørkaptein H.K. Finne fekk denne stillinga, og vart i 1862 etterfølgd av ingeniøroffiser Christian Vilhelm Bergh. Det vart då oppretta et vegingeniørkontor i Indredepertementet. I 1864 vart dette så til eit vegdirektorat, med Bergh som første vegdirektør.

Frå 1885 til 1944 låg direktoratet under Arbeidsdepartementet. 1944–1945 var det under Trafikkdepartementet, og frå 1946 under Samferdselsdepartementet.

Under andre verdskrigen samarbeidde Vegvesenet med den tyske okkupasjonsmakta. Dette førte til ei styrking av det norske vegnettet, men òg til at etaten vart innblanda i bruk av krigsfanger som tvangsarbeidarar. Dei jobba under særs dårlege tilhøve, og mange døydde. Vegdirektør Andreas Baalsrud skulle ha gått av då han fylte 70 i 1942, men vart sittande i stillinga ut krigen. For å oppretthalde ein viss standard på vegane, og for å reparere skadane etter felttoget i 1940, måtte han samarbeidde tett med tyskarane. Dei rekna Vegvesenet og vegdirektøren som særs samarbeidsviljuge. På tross av dette vart ikkje etaten eller Baalsrud granska etter krigen. Truleg skuldast dette at Londonregjeringa hadde kome til at det var særs viktig å halde vegnettet i stand, og at det ville vere verre for landet om ein nazist vart sett inn i stillinga; Baalsrud var ikkje medlem av Nasjonal Samling.

Litteratur og kilder