Sunnhordland Museum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Sunnhordland Museum''', tidlegare Sunnhordland Folkemuseum, vart stifta i 1913 som eit regionmuseum for Sunnhordland, og held til i LeirvikStord. Ein sentral skikkels...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


==På nett==
==På nett==
Sunnhordland Museum nettside http://www.sunnhordland.museum.no/forside.aspx?id=forsida
[http://www.sunnhordland.museum.no/forside.aspx?id=forsida Sunnhordland Museum si nettside]
   
   
[[Sunnhordland]]
[[Sunnhordland]]

Sideversjonen fra 29. sep. 2014 kl. 09:31

Sunnhordland Museum, tidlegare Sunnhordland Folkemuseum, vart stifta i 1913 som eit regionmuseum for Sunnhordland, og held til i LeirvikStord. Ein sentral skikkelse i opprettinga av museet og fram til byrjinga av 1960-talet var Kristofer Sydnes, ikkje minst gjennom det arbeidet han la ned som redaktør for Sunnhordland Årbok. Sidan 1970-talet har Tore Lande Moe sett sitt preg på museet, både gjennom den daglege drifta, som konservator og i arbeidet med årboka.

Forutan dei faste samlingane omfattar museet Sæbøtunet i Etne med sju godt bevarte og utstyrte hus, Sunnhordlandstunet på Stord med fleire eldre bygningar, m.a. Ådlandstova frå 1400-talet, Klostertunet med ruinane av Halsnøy kloster, Sæbøtunet i Etne, Nerheimstunet i Vindafjord kommune (Rogaland), GruvemuseumetLitlabø på Stord, Gjerdetunet i Mauranger i Kvinnherad og SeløystovaOnarheim i Tysnes, forutan Nistovetunet i Omvikedalen, Kvinnherad, Årskog MuseumFitjar, Stord Maritime Museum og Møllebuo ved Leirvik, Stord.

I dei faste utstillingane er det ei skulptursamling etter bilethoggaren Torleiv Agdestein. Museet har sidan 1914 gjeve ut den tradisjonsrike Sunnhordland Årbok, som dei siste åra har kome ut i form av temabøker.

Litteratur og kjelder

Anstein Lohndal: Bygdemuseet og sogelaget 1913-1938. Sunnhordland Årbok, 2012.

På nett

Sunnhordland Museum si nettside

Sunnhordland Stord kommune Hordaland fylke Museum