Torø Hørven: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Justeringar, onlyinclude mm)
Ingen redigeringsforklaring
 
(10 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>[[Bilde:T Hyrve m trekkspel.jpg|thumb|Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.]]'''[[Torø Hørven]]''' (Hyrve) (fødd i [[Skjåk]] [[5. desember]] [[1893]] død [[2. august]] [[1968]] same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar,  leilighetsdiktar og muntrasjonsråd  Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når det var på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein [[Kvinnelista i Skjåk 1928|kvinneliste ved kommunevalet i 1928 ]].</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|T Hyrve m trekkspel.jpg|Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.}}
 
'''[[Torø Hørven]]''' (Hyrve) (fødd i [[Skjåk]] [[5. desember]] [[1893]], død [[2. august]] [[1968]] same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar,  leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein [[Kvinnelista i Skjåk 1928|kvinneliste ved kommunevalet i 1928 ]].</onlyinclude>


== Familie ==
== Familie ==
{{thumb|Torø Hyrve ung.jpg|Ungdomsbilete, med fele under armen. Ukjent fotograf.}}
Foreldra var Sevald Olsen Grotli (fødd 1843) og Marit Kristensdotter Horten (f. 1853). Faren var fjellstovemann på [[Grotli]], men da Torø vart fødd, hadde dei kjøpt garden Søre Hyrve (gnr. 119.2) i Nordberg, der Torø voks opp. (I folketeljinga 1900 brukar denne familien på Søre Hyrve av ukjente grunnar etternamnet Skiaker (Skjåk).) Torø var nummer 14 i ein syskenflokk på i alt 16. Dei to eldste var halvsysken som faren hadde med to ulike kvinner før han gifta seg i 1874. Tre av syskena døydde som spedbarn.


[[Bilde:Torø Hyrve ung.jpg|thumb|Ungdomsbilete, med fele under armen. Ukjent fotograf.]] Foreldra var Sevald Olsen Grotli (fødd 1843) og Marit Kristensdotter Horten (f. 1853). Faren var fjellstovemann på [[Grotli]], men da Torø vart fødd, hadde dei kjøpt garden Søre Hyrve (gnr. 119.2) i Nordberg, der Torø voks opp. (I folketeljinga 1900 brukar denne familien på Søre Hyrve av ukjente grunnar etternamnet Skiaker (Skjåk).) <ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=f00513&gardpostnr=237&personpostnr=1432#nedre Folketeljinga 1900.]</ref> Torø var nummer 14 i ein syskenflokk på i alt 16. Dei to eldste var halvsysken som faren hadde med to ulike kvinner før han gifta seg i 1874. Tre av syskena døydde som spedbarn.
Som 17-åring bur framleis Torø på Søre Hyrve ved folketeljingstidspunktet 1910. Ho driv «husgjerning» i hushaldet til broren, som har overteke garden etter at faren var død. Sidan flytta Torø lenger sør i bygda, og budde det meste av vaksenlivet i Aspheim (Nørdre Odden) på Bersustrond, hjå systera Laura og svogeren [[Amund I. Odden]].
 
Som 17-åring bur framleis Torø på Søre Hyrve ved folketeljingstidspunktet 1910.<ref>[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036426002601 Folketeljinga 1910.]</ref> Ho driv «husgjerning» i hushaldet til broren, som har overteke garden etter at faren var død. Sidan flytta Torø lenger sør i bygda, og budde det meste av vaksenlivet i Aspheim (Nørdre Odden) på Bersustrond, hjå systera Laura og svogeren [[Amund I. Odden]].
 


== Utdanning og yrkesliv ==
== Utdanning og yrkesliv ==
 
Gjennomgåtte kjelder fortel ikkje kva utdanning Torø hadde utover folkeskulen. Det har etter alt å dømme ha vore eit års [[framhaldsskule]] i Skjåk eller [[Lom]]. Ho byrja yrkeskarrieren som funksjonær ved forsyningsnemnda i Skjåk under fyrste verdskrigen. At ho var ein kompetent og betrudd person i lokalsamfunnet viser seg også ved at ho utførte folketeljinga 1920 for ein av valkrinsane.<ref>[https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-fs10101705110124.jpg Teljingskrins 2, Kroken-Brostuen. Folketeljinga 1920 for Skjåk]</ref> Ei tid var ho i [[Fron]] og hadde kontorstilling hjå Ivar Ivarsson Fosse der. Så var ho handelsbetjent, fyrst hjå Th. Garmo i Lom, deretter hjå Anna Tofte i Skjåk. Den lengste delen av yrkeslivet var ho tilsett i kommuneadministrasjonen i Skjåk.  
Gjennomgåtte kjelder fortel ikkje kva utdanning Torø hadde utover folkeskulen. Det har etter alt å dømme ha vore eit års [[framhaldsskule]] i Skjåk eller [[Lom]]. Ho byrja yrkeskarrieren som funksjonær ved forsyningsnemnda i Skjåk under fyrste verdskrigen. Ei tid var ho i [[Fron]] og hadde kontorstilling hjå Ivar Ivarsson Fosse der. Så var ho handelsbetjent, fyrst hjå Th. Garmo i Lom, deretter hjå Anna Tofte i Skjåk. Den lengste delen av yrkeslivet var ho tilsett i kommuneadministrasjonen i Skjåk.  
 


== Samfunnsengasjement ==
== Samfunnsengasjement ==
Torø Hørven var ein utadvendt og vennesæl person. Ho var mellom anna mykje aktiv i det frilynte UL Fram i heimbygda gjennom mange år. Det er til dømes ei mengd humoristiske og poetiske innlegg av henne i den handskrivne lagavisa der.  
Torø Hørven var ein utadvendt og vennesæl person. Ho var mellom anna mykje aktiv i det frilynte UL Fram i heimbygda gjennom mange år. Det er til dømes ei mengd humoristiske og poetiske innlegg av henne i den handskrivne lagavisa der.  


Det kunne også vere polemiske ting, som når ho gjekk ut mot sladder og det ho kalla «kattesott» i bygda, dvs. misunning og sjalusi. I 1923 gjekk ho i eit innlegg inn for å styrte «dei gamle kvinner i regjeringa (styret) og få nye kræfter i staden». Ho går ut mot «kvinnesakskvinnor» som «ho bestemt vil åtvara mot skal få nokon regjerande makt innan laget.»<ref>UL Fram 100 år side 50.</ref> Alt tyder på at ho her var ironisk, og at ho inkluderte seg sjølv blant dei ho «åtvara» mot. I alle høve stilte ho altså til kommuneval saman med fem andre sjølvstendige kvinner frå bygda til kommunevalet fem år seinare. Dessutan markerte Torø Hørven veldig tydeleg sin rett til så å seie personleg å definere sitt kjønn, i det ho ikkje let vedtekne sanningar om kva som sømde seg for høvesvis karar og kvinnfolk bestemme korleis ho sjølv skulle kle seg og te seg.
Det kunne også vere polemiske ting, som når ho gjekk ut mot sladder og det ho kalla «kattesott» i bygda, dvs. misunning og sjalusi. I 1923 gjekk ho i eit innlegg inn for å styrte «dei gamle kvinner i regjeringa (styret) og få nye kræfter i staden». Ho går ut mot «kvinnesakskvinnor» som «ho bestemt vil åtvara mot skal få nokon regjerande makt innan laget.»<ref>''UL Fram 100 år'', side 50.</ref> Alt tyder på at ho her var ironisk, og at ho inkluderte seg sjølv blant dei ho «åtvara» mot. I alle høve stilte ho altså til kommuneval saman med fem andre sjølvstendige kvinner frå bygda til kommunevalet fem år seinare. Dessutan markerte Torø Hørven veldig tydeleg sin rett til så å seie personleg å definere sitt kjønn, i det ho ikkje let vedtekne sanningar om kva som sømde seg for høvesvis karar og kvinnfolk bestemme korleis ho sjølv skulle kle seg og te seg.


Elles er det ikkje dokumentert kva haldningar Torø hadde til politikk og samfunnsspørsmål for øvrig. <onlyinclude>Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt [[Venstre]]-/[[Arbeiderdemokratene|Arbeiderdemokratane]], der to av svograne hennar, [[Amund I. Odden]] og [[Kolbein Skaare]], stod sentralt, saman med [[Ola O. Aanstad]] og sonen [[Kristen Aanstad]]. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener.</onlyinclude>  
Elles er det ikkje dokumentert kva haldningar Torø hadde til politikk og samfunnsspørsmål for øvrig. <onlyinclude>Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt [[Venstre]]-/[[Arbeiderdemokratene|Arbeiderdemokratane]], der to av svograne hennar, [[Amund I. Odden]] og [[Kolbein Skaare]], stod sentralt, saman med [[Ola O. Aanstad]] og sonen [[Kristen Aanstad]]. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener.</onlyinclude>  


== «Spelemann» ==
== «Spelemann» ==
Torø Hyrve spela både toraders trekkspel og fele, og var mykje etterspurd ved dansetilstellingar og andre festlege lag. Som oftast spela ho saman med [[Ole Sæteren]] (f 1889), som også trakterte båe desse instrumenta. «Sætre’n og ’o Torø» var eit fast omgrep i bygda.
Torø Hyrve spela både toraders trekkspel og fele, og var mykje etterspurd ved dansetilstellingar og andre festlege lag. Som oftast spela ho saman med [[Ole Sæteren]] (f 1889), som også trakterte båe desse instrumenta. «Sætre’n og ’o Torø» var eit fast omgrep i bygda.


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
 
*{{folketelling|pf01037079001432|Torø Sevaldsdatter Skiaker|1900|Skjåk herred|nn}}.
*Folketeljinga 1900.
*{{folketelling|pf01036426002601|Torø Sevaldsdatter|1910|Skjåk herred|nn}}.
*Folketeljinga 1910.
*Omtale på 70-årsdagen, i [[Gudbrandsdølen]] 4.12.1963.
*Omtale på 70-årsdagen, i [[Gudbrandsdølen]] 4.12.1963.
*''Ættebok for Skjåk'' bd. I side 275.
*''Ættebok for Skjåk'' bd. I side 275.
*''UL Fram 100 år 1898-1998''''Kursiv tekst'' (hefte utgjeve av laget)
*''UL Fram 100 år 1898-1998'' (hefte utgjeve av laget)
 
==Eksterne lenker==
 
* {{hbr1-1|pf01037079001432|Torø Hørven}}.


{{DEFAULTSORT:Hørven, Torø}}
{{DEFAULTSORT:Hørven, Torø}}
[[Kategori:Personer fra Skjåk kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Fødsler i 1893]]
[[Kategori:Fødsler i 1893]]
[[Kategori:Dødsfall i 1968]]
[[Kategori:Dødsfall i 1968]]
[[Kategori:Kvinnesak]]
[[Kategori:Kvinnesak]]
[[Kategori:Skeiv historie]]
{{F1}}
{{F1}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 1. des. 2020 kl. 08:10

Torø Hørven spela mykje til dans, anten på torader eller fele. Ukjent fotograf.

Torø Hørven (Hyrve) (fødd i Skjåk 5. desember 1893, død 2. august 1968 same stad) var handelsbetjent og kontorist av yrke. Ho var kjend og omtykt som ungdomslagsaktivist, torader- og felespelar, leilighetsdiktar og muntrasjonsråd. Ho braut tvert med kjønnsrollemønsteret i tida ved at ho som oftast gjekk i mannsklede. Unntaket kunne vere når ho kledde seg i kvinnebunad (rondastakk) når ho fann det på sin plass. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928 .

Familie

Ungdomsbilete, med fele under armen. Ukjent fotograf.

Foreldra var Sevald Olsen Grotli (fødd 1843) og Marit Kristensdotter Horten (f. 1853). Faren var fjellstovemann på Grotli, men da Torø vart fødd, hadde dei kjøpt garden Søre Hyrve (gnr. 119.2) i Nordberg, der Torø voks opp. (I folketeljinga 1900 brukar denne familien på Søre Hyrve av ukjente grunnar etternamnet Skiaker (Skjåk).) Torø var nummer 14 i ein syskenflokk på i alt 16. Dei to eldste var halvsysken som faren hadde med to ulike kvinner før han gifta seg i 1874. Tre av syskena døydde som spedbarn.

Som 17-åring bur framleis Torø på Søre Hyrve ved folketeljingstidspunktet 1910. Ho driv «husgjerning» i hushaldet til broren, som har overteke garden etter at faren var død. Sidan flytta Torø lenger sør i bygda, og budde det meste av vaksenlivet i Aspheim (Nørdre Odden) på Bersustrond, hjå systera Laura og svogeren Amund I. Odden.

Utdanning og yrkesliv

Gjennomgåtte kjelder fortel ikkje kva utdanning Torø hadde utover folkeskulen. Det har etter alt å dømme ha vore eit års framhaldsskule i Skjåk eller Lom. Ho byrja yrkeskarrieren som funksjonær ved forsyningsnemnda i Skjåk under fyrste verdskrigen. At ho var ein kompetent og betrudd person i lokalsamfunnet viser seg også ved at ho utførte folketeljinga 1920 for ein av valkrinsane.[1] Ei tid var ho i Fron og hadde kontorstilling hjå Ivar Ivarsson Fosse der. Så var ho handelsbetjent, fyrst hjå Th. Garmo i Lom, deretter hjå Anna Tofte i Skjåk. Den lengste delen av yrkeslivet var ho tilsett i kommuneadministrasjonen i Skjåk.

Samfunnsengasjement

Torø Hørven var ein utadvendt og vennesæl person. Ho var mellom anna mykje aktiv i det frilynte UL Fram i heimbygda gjennom mange år. Det er til dømes ei mengd humoristiske og poetiske innlegg av henne i den handskrivne lagavisa der.

Det kunne også vere polemiske ting, som når ho gjekk ut mot sladder og det ho kalla «kattesott» i bygda, dvs. misunning og sjalusi. I 1923 gjekk ho i eit innlegg inn for å styrte «dei gamle kvinner i regjeringa (styret) og få nye kræfter i staden». Ho går ut mot «kvinnesakskvinnor» som «ho bestemt vil åtvara mot skal få nokon regjerande makt innan laget.»[2] Alt tyder på at ho her var ironisk, og at ho inkluderte seg sjølv blant dei ho «åtvara» mot. I alle høve stilte ho altså til kommuneval saman med fem andre sjølvstendige kvinner frå bygda til kommunevalet fem år seinare. Dessutan markerte Torø Hørven veldig tydeleg sin rett til så å seie personleg å definere sitt kjønn, i det ho ikkje let vedtekne sanningar om kva som sømde seg for høvesvis karar og kvinnfolk bestemme korleis ho sjølv skulle kle seg og te seg.

Elles er det ikkje dokumentert kva haldningar Torø hadde til politikk og samfunnsspørsmål for øvrig. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Arbeiderdemokratane, der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare, stod sentralt, saman med Ola O. Aanstad og sonen Kristen Aanstad. Alle desse fire familiane, og altså Torø sjølv, budde innan mindre enn ein kilometers avstand frå kvarandre, og dei var omgangsvener.

«Spelemann»

Torø Hyrve spela både toraders trekkspel og fele, og var mykje etterspurd ved dansetilstellingar og andre festlege lag. Som oftast spela ho saman med Ole Sæteren (f 1889), som også trakterte båe desse instrumenta. «Sætre’n og ’o Torø» var eit fast omgrep i bygda.

Referansar

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker