Torgrim Bru

Torgrim Bru (fødd 20. september 1893 i Våler i Solør, død 1969) var snikkar og handverkslærar. Han var òg amatørfotograf, og er representert i Glomdalsmuseet sin fotosamling.

Han var son av folkeskulelærar og gardbrukar Hans H. Bru (f. 1850) og Randine Bru (f. 1866). Familien flytta før 1900 til Nedre Siljuberget i Elverum kommune, der han i folketeljinga 1910 vart oppført saman med foreldra og fem søsken. Han var då snikkarlærling.[1]

1920–1921 var han handverkslærar på Haga jordbruksskoleMysen. I 1924 vart han sløydlærar på den nyopna Østfold folkehøgskole.[2]

Bru flytta seinare attende til Elverum, og då han fylte 70 i 1963 budde han der saman med søstera Reidun Bru (f. 1901). Det vert då nemnd at han òg var ein dyktig treskjerar.[3]

Referansar

  1. Torgrim Bru i folketelling 1910 for Elverum herred fra Digitalarkivet.
  2. «Ny arbeidsskole» i Rakkestad Avis 1924-11-11. Mal:Bokhylla.
  3. «70 år» i Østlendingen 1963-09-20. Mal:Bokhylla.

Kjelder


  Torgrim Bru er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.