Trønder

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2013 kl. 12:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: :''Denne sida handlar om språkforma trønder. For folk frå Trøndelag, sjå '''trønderar'''.'' ---- <onlyinclude>'''Trønder''' eller '''trøndermål''', òg kalla ''trønderd...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida handlar om språkforma trønder. For folk frå Trøndelag, sjå trønderar.

Trønder eller trøndermål, òg kalla trønderdialekt, trøndsk eller trøndersk, er ei av hovudgruppene av norske dialektar. Trøndermåla blir tradisjonelt snakka i heile Sør- og Nord-Trøndelag og Nordmøre; og i tillegg i Bindal kommune i Nordland; i Frostviken og Herjedalen i Sverige; samt i Elgå og Kvikne i Nord-Østerdalen. Strukturelt er trøndermåla særprega av tjukk l, jamvekt og varierande grad av apokope. Alle desse trekka er felles med norrländska (inkludert jamska) i Sverige og austsvenske mål på vestkysten av Finland og i Estland. Innanfor Norge er trøndermåla strukturelt sett mest i slekt med austlandsmåla og leksikografisk sett vel så nært i slekt med nordnorsk.