Tveitenvegen (Sauherad)

Sideversjon per 6. jun. 2021 kl. 13:01 av Rool (samtale | bidrag)

Tveitenvegen på Tveiten mellom Nordagutu og Hjuksebø i Sauherad kommune gjekk sørover frå Nordagutuvegen og enda i ein namnlaus sideveg ved jernbanen like aust for åsen Kyrkjehaug.

Tveitenvegen sett sørover frå Nordagutuvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen hadde namn etter Tveitengardane og var snaut 2,2 km lang. Han gjekk i jordbrukslandskap og skog.

I samband med kommunesamanslåinga mellom og Sauherad var det to vegar med nesten like namn, Tveitanvegen og Tveitenvegen, og ein måtte endrast. Det blei i 2018 vedtatt å leggje Tveitenvegen i Sauherad til Haugedalsvegen.

Gardar

  • 5, 7: Tveiten, søndre (Opp-Tveiten) (gnr. 123/2)
  • 9, 11: Tveiten (gnr. 123/1)
  • 13: Sundshvaala (gnr. 121/2)
  • 18: Lilletveiten (gnr. 122/2)
  • 24: Sundsvalen (gnr. 121/1)

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf


Koordinater: 59.44919° N 9.32545° Ø