Undis Blikken: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 6: | Linje 6: | ||
Skulegangen ut over folkeskulen er dårleg belyst i gjennomgådde kjelder. I ein notis i Aftenposten 1962 står det at ho hadde handelsskule og artium. | Skulegangen ut over folkeskulen er dårleg belyst i gjennomgådde kjelder. I ein notis i Aftenposten 1962 står det at ho hadde handelsskule og artium. | ||
Samfunnsengasjement og yrkeskarriere | == Samfunnsengasjement og yrkeskarriere == | ||
Undis Blikken var personleg sterkt kristeleg engasjert. I nokre år like etter krigen reiste ho omkring i heile landet som predikant og ungdomsarbeidar for indremisjonen. | |||
På byrjinga av 1950-talet var ho tilsett i [[Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn]], deretter styrar for [[Reiseopplysningskontoret]]. I 1962 vart ho av Oslo formannskap tilsett som leiar for det da nyskipa Veilednings- og opplysningskontoret i Oslo Rådhus. | |||
Idrettsprestasjonane | == Idrettsprestasjonane == | ||
Kjelder og litteratur | == Kjelder og litteratur == |
Sideversjonen fra 14. aug. 2014 kl. 10:15
Ragnhild Undis Blikken (fødd i Åsnes 7. mai 1914, død i Oslo 29. januar 1992) var idrettsstjerne, kristeleg ungdomsarbeidar, politikar og mellom anna informasjonsmedarbeidar i Oslo kommune. Ho var ein idrettsutøvar i verdsklasse, og ein modig pioner for kvinneidrett i fleire greiner. Fyrst og fremst vart ho kjend som skeiselaupar i 1930-åra, mellom anna med tre noregsmeisterskap og eit verdsmeisterskap på merittlista.
Familie og oppvekst
Ho var fødd og oppvaksen på småbruket Nordre Toverud i Åsnes i Solør. Foreldra var lærar Rasmus Blikken (1872-1961) og Petra (Petrine Marta) fødd Bjørnaset (1871-1970). Faren kom frå ein husmannsplass i Skjåk i Gudbrandsdalen, mora var oppvaksen på ein gard i nærleiken av Volda. Undis var den yngste av fem sysken. Ho var ugift.
Skulegangen ut over folkeskulen er dårleg belyst i gjennomgådde kjelder. I ein notis i Aftenposten 1962 står det at ho hadde handelsskule og artium.
Samfunnsengasjement og yrkeskarriere
Undis Blikken var personleg sterkt kristeleg engasjert. I nokre år like etter krigen reiste ho omkring i heile landet som predikant og ungdomsarbeidar for indremisjonen. På byrjinga av 1950-talet var ho tilsett i Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn, deretter styrar for Reiseopplysningskontoret. I 1962 vart ho av Oslo formannskap tilsett som leiar for det da nyskipa Veilednings- og opplysningskontoret i Oslo Rådhus.