Vallarvegen

Vallarvegen (E134) i Seljord kommune går nordover frå Bygdaråvegen i krysset med Manheimstrondi ved Bjørge og fylgjer Vallaråi på austsida til Mælefjelltunnelen. Dette var tidlegare den søndre delen av Flatdalsvegen. Vegen er 4 kilometer lang fram til tunnelen, og 11 kilometer lang til kommunegrensa inne i tunnelen.

Vallarvegen sett nordover ved Lakshøl Bruk.
Foto: Roy Olsen (2018).

Anleggsarbeidet med den 9,3 kilometer lange Mælefjelltunnelen mellom Århusmoen i Seljord og Gvammen i Hjartdal starta opp i april 2013, og den 19. desember 2019 vart han opna for trafikk. Totalkostnad var 2 milliardar kroner.

Vegen har namn etter staden Vallar som ligg nær startpunktet ved Bjørge og vart namnsett i 2019.


Kjelder


Koordinater: 59.48936° N 8.64419° Ø