Vereide krins

Vereide krins i Gloppen kommune ligg på nordsida av Gloppefjorden. Vereide krins fekk det første skulehuset i Gloppen kommune i 1844. Skulen vart lagd ned i 2009, som ein del av eit innsparingstiltak i Gloppen kommune. Krinsen vart slege saman med Austrheim krins, som no har namnet Nordstranda skule.

Vereide skule (I dag Austrheim barnehage og Nordstranda barnehage)
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Skulehus

Føleide skule

  • Byggeår: 1844
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Vereide skule (1864-1904)

  • Byggeår: 1864
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Vereide skule (1904-2009)

  • Byggeår: 1904
  • Fungerte som skule: 1904-2009
  • Anna bruksområde: Sidan skulen vart slått saman med Austreim i 2009, har bygget fungert som barnehage.

Anna bruksområde

I dag husar bygget to barnehagar. Austrheim barnehage og Nordstranda barnehage.

Fornminne

Skulen ligg på Vereidesletta, kor vi også finn det største gravfeltet frå førhistorisk tid på Vestlandet. Då skulen skulle utvidast i 1990, oppdaga arkeologar at skulen var bygd inne på fornminneområdet.[1] Dei arkeologiske funna har tid tider gjort det vanskeleg å få utførd utbetringar av skulen og skuleplassen. Til dømes vart det problem då foreldre hausten 2000 bygde ein akebakke på dugnad. Jordhaugen dekka ei fornminnegrav, og Riksantikvaren kom på banen med krav om at bakken skulle fjernast.[2][3] Så seint som i 2008, eit år før krinsen vart lagt ned, var det lokalt ønske om å ruste opp uteområdet ved skulen. På grunn av plasseringa midt i fornminnefeltet, kunne ei utbetring medføre store kostnadar dersom det vart naudsynt med ei større arkeologisk utgraving i samband med ei utbetring.[4]

Foto

Fotnotar

  1. Kulturhistorisk leksikon: Vereidesletta
  2. Firda 2004.12.28. 20041228. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Fjordingen 2011.12.19. 20111219. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Firda 2008.04.16. 20080416. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Avisa Firda
  • Avisa Fjordingen

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.809301° N 6.153412° Ø