Widerøe (slekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Widerøe er ei slekt med røter i Romsdal, i det området som no utgjer Molde kommune. Som stamfar reknast Audun Aagesson Reknes (omkr. 1606–1679), som ofte omtalast med namnet Widerøe – det er uklart om han sjølv nytta det, eller som det er eit namn som er førd attende i seinare tid. Audun sitt opphav er uklart; forskjellige kjelder oppgir forskjellige fedre, og ei drøfting av den problematikken blir for omfattande her. Det vi veit er at han var ein av de største jordeigarane i Moldeområdet, og at han også eigde gardar andre stader i Romsdal.

Opphavet til namnet er ikkje klart. Ein moglegheit er at det er eit forvanska namn på Veøya, der Auden Aagensen eigde Horsgård.

I Trondheim finst ei grein som byrjar med ein bakarmeister Mathias Carstensen Widerøe f.1806. Son av Ole. (Olaus) Han er registrert som avdød 2 juni 1838 bara 32 år gammel. Sama år så han får ein son født 10 des.1838. Mathias Carstensen Widerøe d.y. etablerar seg som bakar her i 1860 årene. Familien og bakeriet held det gåande rundt 60 år. Det het M. C. Widerøes Dampbageri & Conditori og vert etablert i 1860. Dei første åra frå Krambugata og seinare i Thomas Angells gate 24. Sonen, også han med sama navn var 3. generasjon bakar og dei befinner seg her fortsatt i 1925.

Widerøe knyttast i dag særleg til Widerøes Flyveselskap, som er det eldste eksisterande flyselskapet i Noreg. Det vart grunnlagt av mellom anna brørne Viggo Widerøe og Arild Widerøe, som tilhørte denne slekta.

Kjente medlemmar av slekta

Litteratur og kjelder

  • Hemneslekt, Hemne historielag.
  • Petersen, Th. og Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka : en natur- og samfundshistorisk skildring av Bolsøy prestegjeld og herred. 1 : Bolsøybygdas natur og eldre historie. 1939. Mal:Bokhylla.
  • Wallem, Fredrik B.: Trondhjems bakerlaug. Utg. Trondhjems historiske forening. Trondhjem. 1926. Mal:Bokhylla.