Øvre Bergatn (Sør-Aurdal 48/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Bergatn
Alt. namn: Bergatn; Dølvesbergatn; Øvre Dølvesbergatn; Mattisbergatn
Fyrst nemnd: 1778
Stad: Dølvesbygde
Kommune: Sør-Aurdal
Fylke: Oppland
Gnr.: 48
Bnr: 3

Øvre Bergatn, gardsnummer 48/3, tidlegare kalla Bergatn, Dølvesbergatn og Øvre Dølvesbergatn, er eit gardsbruk i Sør-Aurdal i Valdres. Bruket var på 1700-talet ein husmannsplass, og har også vore kalla Mattisbergatn etter den fyrste kjende husmannen. Plassen var utskilt som eige bruk i 1826/1834, dels frå Dølve bruk I og dels frå Nørdre Dølve (Kamben).

Namnet kjem frå opphavsgarden Dølve og plasseringa mellom berg og knausar på vestsida av Begna.

Den delen av Øvre Bergatn som låg under Nørdre Dølve, eller Kamben, vart kjøpt av Hallstein Mikkjelsson Dølve for 30 spd. i 1826, og resten overok han frå sin far Mikkjel Reiarsson Dølve ein gong før 1834. I 1834 fekk han så plassen skyldsett. Nedre Bergatn bnr. 20 er ikkje utskild frå Øvre Bergatn, men frå Søre Dølvesetre bnr. 11. Det var tidlegare også ein plass kalt Nedre Bergatn, som vart utskilt i 1822, men som seinare gikk inn i Øvre Kamben. Det er såleis ikkje noko direkte samband mellom de ulike Bergatn-bruka, ut over at dei alle har sitt opphav i garden Dølve.

Brukarar / eigarar

  • Mattis Ivarsson Dølveseige (1749–1815), frå Nørdre Dølvesetre bnr. 10, husmann på Bergatn.
Gift 1778 med Marit Kristafersdotter nedre Jukam (1757–1829). Barn:
  • Kristofer Mattisson (f. 1778), gift med Beret Syversdotter Vøll, busett på Midtvøll.
  • Marit Mattisdotter (f. 1780).
  • Ivar Mattisson (f. 1782).
  • Hans Mattisson (1785–1850), gift med Eli Olsdotter Leisterud, busett på Søre Leitet.
  • Ola Mattisson (1787–1792).
  • Ellend Mattisson (1791–1792).
  • Marit Mattisdotter (1794–1850), gift med Ivar Olsson Dølveseige, neste brukar.
  • Sofie Mattisdotter (1797–1882).
  • Ivar Olsson Dølveseige (f. omkr. 1792), hadde festesetel i 1826. Seinare nemnt i Hølersetre i Koparviken.
Gift med Marit Mattisdotter (1794–1850), dotter av førre brukar. Barn:
Gift 1) med Marit Arnesdotter Dølve, busett på Koparvikbrenne. Barn:
  • Jul Eriksson (omkr. 1833–1847), døydde då han falt frå eit høgt stup.
  • Arne Eriksson (1834–1911), neste brukar.
Gift 2) i 1840 med Anne Olsdotter Bagnsbakkatn (omkr. 1788–1867). Ingen barn.
  • Arne Eriksson Dølvesbergatn (1834–1911), kjøpte Øvre Bergatn av faren Erik Julsson for 50 spd. i 1863.
Gift med Anne Hermansdotter øvre Kamben (1828–1904); dei var syskenbarn. Barn:
  • Marit Arnesdotter (1863–1941), gift med Ole Narvesson Sørflatdalen, neste brukar.
  • Guri Arnesdotter (1866–1866).
  • Ole Narvesson Sørflatdalen (1860–1939), kjøpte av Arne Eriksson i 1899.
Marit Arnesdotter (1863–1941), dotter av førre brukar. Døydde på Tangehølet. Barn:
  • Arne Olsson (1885–1885).
  • Sofie Olsdotter (f. 1886), tvilling med neste barn. Gift med Ole Antonsson frå Østre Toten.
  • Arne Olsson (f. 1886), tvilling med førre barn. Til Amerika.
  • Narve Olsson (f. 1890), gift med Anna Arnesdotter Johnsen, busett på Nedre Dølvesbergatn.
  • Anna Olsdotter (1894–1899).
  • Erik Olsson (1898–1899).
  • Anna Olsdotter (f. 1900), gift med Ole Mikkelsson Kamben, busett på Nedre Kamben.
  • Emma Olsdotter (f. 1904), gift med Ole Andreas Antonsson Klødokke, busett på Dølvesskaret.
  • Sigurd Olson (f. 1909), neste brukar.
  • Sigurd Olsson Bergene (f. 1909), fekk auksjonsskøyte i 1932.
Gift med Inger Eriksdotter Espeseth (f. 1905) frå Etnedal. Barn:
  • Marit Margrethe (f. 1932), gift med Nils Lindelien.
  • Odd (f. 1934), gift med Lisa Green frå Orkanger, busett i Mjøndalen.
  • Erik (f. 1937), eigar på Øvre Bergatn ei tid.
  • Gunnar (f. 1939), gift med Sigrid Navrud frå Reinli, busett i Mjøndalen.
  • Arvid (f. 1942), gift med Margit Sagbråten.
  • Signe Oddrun (f. 1944), gift med Arnfinn Hansebakken frå Garthus.
  • Svein Ingmund (f. 1947), overtok etter broren Erik.
  • Erik Bergene (f. 1937), overtok etter faren og overlot bruket til broren Svein Ingmund i 1971.
  • Svein Ingmund Bergene (f. 1947), overtok frå broren Erik i 1971.
Gift med Else Marie Bjørnødegård (f. 1949), frå Etnedal. Barn:
  • Solvor (f. 1982).
  • Svein Erik (f. 1984).
  • Ole Jørgen (f. 1986).

Kjelder

Koordinater: 60.78916° N 9.58726° Ø