Marit Kristafersdotter (1757–1829)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Kristafersdotter (fødd 1757 i Sør-Aurdal, død 14. juni 1829 same staden) var husmannskone i Sør-Aurdal.

Ho var dotter av Kristafer Hansson Bagn (d. 1779) og Marit Ellendsdotter (1738–1773). Marit vart fødd på Nedre Jukam, og vart døypt den 19. juni 1757. Ifølgje kyrkjeboka vart ho døypt i Aurdal kyrkje; Bagn kyrkje var mykje nærare, men kanskje ville dei døype ho i det som den gong var hovudkyrkja i Aurdal prestegjeld.[1] Ho var den andre av sju sysken, og ingen i flokken døydde som born. Både foreldra var av bondeslekt frå Bagn – faren var frå Nedre Bagn og mora frå Ellendshaugen.

Den 17. april 1778 vart ho trulova i Bagn kyrkje med husmannen Mattis Ivarsson (1748–1815) på Dølvesbergatn. Han var av ætta på Dølve. Det var faktisk Marit òg: Arne Bjørnsson Dølve var både Mattis og Marit sin 2*tippoldefar gjennom ulike ledd, så dei var femmenningar. Dei budde på Dølvesbergatn, som òg vart kalla Mattisbergatn etter Mattis Ivarsson som er den fyrste kjende husmannen der. I 1782 er dei nemnd på Erstad der ein av sønene var fødd, men sidan er det attende på Dølvesbergant, så dei budde truleg der heile tida. Marit hadde slekt på Erstad, så ho var nok berre der ved eit tilfelle i 1782.

Marit og Mattis fekk åtte born:

Vi veit sikkert at to av dei døydde unge, og truleg døydde også den fyrste Marit og Ivar som born, eller i alle høve før folketeljinga i 1801 der dei ikkje er å finne.

Marit døydde den 14. juni 1829 og vart gravlagd frå Bagn kyrkje den 22. i same månaden.[6]

Referansar

Litteratur og kjelder