A/S Strømpefabrikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Strømpefabrikken var ei trikotasjebedrift på Ikornnes i Sykkylven kommune. Strømpefabrikken vart etablert i 1919 av Edvard Davenes frå Ikornnes. Davenes var då trikotasje- og appreturmeister ved Devold-fabrikken i Langevåg. Med seg i aksjeselskapet fekk han Tomas P. Hundeide, som var kontorsjef ved O.A. Devold & Søn. Hundeide hadde berre ein mindre aksjepost.

Strømpeproduksjonen på Ikornnes var etter den tids målestokk moderne. Davenes kjøpte inn to heilautomatiske strikkemaskiner frå England. Til å stå føre drifta av fabrikken vart det tilsett tre personar. Son til Edvard, Hans Davenes, skulle vere dagleg leiar. Av kassajournalen til Strømpefabrikken går det fram at verksemda hadde kundar langs store delar av Norskekysten, likevel med eit tyngdepunkt av forretningssamband på Sør-Vestlandet, i første rekkje Haugesund og Stavanger. Også til Kristiansund og Trondheim gjekk det ofte pakkar med strømper og sokkar frå Sykkylven.

Bedrifta, som i 1922 og i 1924 hadde ei eige på 13.500 kroner, hadde Aalesunds Landmandsbank som sitt banksamband.

Strømpefabrikken leigde hus med Marie Ekornes, som i 1925 vart oppattgift med skomakar Lars Langdal frå Norddal. I huset var det også dampskipsekspedisjon og landhandel.

Hans Davenes reiste i 1922 over til Sambandsstatane. Då tok Nilla Brandal over ansvaret for bedrifta. Seint i 1925 flytta ho til Langevåg og tok verksemda med seg. Nilla Brandal leigde ut husvære og var styrar for fabrikken inntil han gjekk over til andre eigarar i 1927.

Kjelde