Abraham Lopez

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Noreg i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez gifta seg seinare med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm.

Reising

Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra i følgje med broren Leon Lopez.

Sverige

I post frå det svenske Justitiedepartementet av 9. februar 1861 framgår det at A. Lopez frå Hamburg søkjer om svensk statsborgarskap.[6] I ei civildepartements-melding datert 24. april 1863 søkjer Charlotta Feit om å få gjera årleg avbetaling av gjelda etter den avlidne tidlegare mannen sin, fabriksidkaren Hirsch.[7] Charlotte Lopez er nemnt som enkje i dei svenske folketeljingane 1890 og 1900, og på gravstøtta over Abraham og Charlotta Lopez står det at ho døydde i 1905.

Referansar

  1. Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1846.06.24. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Trondhjems borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger 1846.06.30. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Trondhjems borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger 1846.07.04. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Den Constitutionelle 1846.10.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Morgenbladet 1846.10.20. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Justitiedepartementet 1861-02-09, ärendenummer 17 på Riksarkivet.se
  7. Civildepartementet 1863-04-24, ärendenummer 10 på Riksarkivet.se
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!