Anders Fimreite
Anders Fimreite (fødd 28. februar 1923 i Fardal, død 16. februar 2011) var kontorist og fotograf.
Han var son av Adolf Fimreite og Emilie Fimreite. Faren arbeidde på damanlegg i Høyanger, så familien flytta dit då Anders var liten. Etter handelsgymnas i arbeidde han på lønningskontoret på NACo i 1940-åra.
31. desember 1946 gifta han seg med Sigrund K. Stangeland. Dei fekk tre born.
Fotograferinga starta han med i 1947/1948. Det var fyrst på amatørbasis, med eige mørkerom i kjellaren. Etter kvart byrja han eksperimentere med meir avansert utstyr, og han vart fast fotograf for Høyang-Nytt. Fimreite vann fleire prisar, og fekk publisert bilete i norske og utanlandske publikasjonar. I 1965 måtte han slutte med mørkeromsarbeid, då han fekk eksem av framkallingsvæska. Det førte til at han mista noko av interessa for fotografering, men han haldt fram med å ta bilete på hobbybasis.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Anders Fimreite på Digitalt museum.
- Anders Fimreite på KulturNav
- «Stor interesse for bileta til A. Fimreite» i Ytre Sogn 2013-04-04. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Anders Fimreite i Historisk befolkningsregister.
Anders Fimreite er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |