Andreas A. Wennberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas A. Wennberg (født 3. september 1869 i Överkalix i Sverige, død 18. januar 1918 i Ørsta) var fotograf på Ørsta frå om lag 1900.

Han var bror av fotograf Johan Henrik Wennberg. Budde i Ørsta ved folketeljinga 1900, men kan ha kome til staden frå Tromsø eit par år tidlegare, og hadde før det fotografert i Honningsvåg. Dreiv fotografverksemd fyrst der han leigde husvære, seinare i eit eige atelier som han tok over etter Jon Pedersson Bjørdalsbakke etter at han døydde i 1898. Fotograferte portrett og gruppe-/familiebilete. Verka også som frisør. Var medlem av DNGTO-losjen og startet barnelosje i Ørsta. I fråvær av slekt var Wennbergs gravferd ordnet av Losje Vaarljos i Ørsta. Ein bror skal ha kome frå Tromsø til hans gravferd.

Kjelder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Andreas A. Wennberg på Digitalt museum.
  • Andreas A. Wennberg på KulturNav
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • A. Wennberg på Digitalt museum.
  • A. Wennberg på KulturNav
  • Andreas A. Wennberg i folketeljinga 1900 for Ørsta herad frå Digitalarkivet
  • Jostein O. Mo ved kulturkontoret i Ørsta kommune
  • FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009
  • Upublisert materiale i Preus museum (2010)

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Andreas A. Wennberg er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.