Andres A. Svalestuen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Andres A. Svalestuen (1939-1992) vart født i Rudsgrend i dåverande Hovin kommune (no i Notodden kommune). Han gjekk ut frå Telemark offentlege landsgymnas i Bø som preseterist i 1959. Deretter byrja han på Universitet i Oslo og avslutta embetseksamen med rein laud i alle fag inkludert historie hovudfag. Han vart valt til hovudrapportør på det nordiske historikermøtet i København i 1971 og etablerte seg gjennom denne rapporteringa som ein av dei fremste innan norsk emigrasjonshistorie. Svalestuen vart engasjert som arkivar i Riksarkivet i 1969. Han studerte arkivfag på Ecole des Chartes i Paris på midten av 1970-talet. I 20 år var han ansvarleg for arkiva under kyrkje-, utdannings-, forsknings- og kulturdepartementa.

Andres A. Svalestuens Tinns emigrasjonshistorie 1837-1907 vart skrive som hovudfagsavhandling til historisk-filosofisk embetseksamen ved Universitet i Oslo 1968. I 1972 kom avhandlinga ut i bokform på Universitetsforlaget. I samband med dette arbeidet laga Svalestuen eit register på katalogkort over utvandra tinndølar for same tidsrommet. Rjukan bibliotek har dette kortarkivet i samlinga si. Kring år 2000 digitaliserte Anfinn Bernaas desse opplysningane og registeret er å finne på Digitalarkivet.

I tillegg publiserte han mange artiklar om emigrasjonen i ulike tidsskrift og bøker. Han var òg godt i gang med å samle materiale om livet til Tinnemigrantane i norske settlements i USA, men rakk dessverre ikkje å utgje noko om dette. Han døydde i 1992, berre 53 år gamal.