Annbjørg Lien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Annbjørg Lien (fødd 15. oktober 1971 i Ålesund) er felespelar og folkemusikar. Karriera hennar femner fleire soloalbum, album som medlem av grupper og deltakeing på andre artister sine utgjevelser. Lien har vunne ei rekke priser, og ho driv saman med sin sambuar Bjørn Ole Rasch Kongshavn Studios.

Ho vaks opp i MauseidvågSula.

Lien vart allereie som barn kjend i folkemusikkmiljøet, og då hun stilte opp i eit portrettprogram på NRK i 1986 vart ho óg kjend for eit breiare publikum. Platekontrakt med Hello fulgde kort tid etter, og debutalbumet Kjellstadslåttar kom i 1988. Same året danna ho saman med Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal gruppa Bukkene Bruse. Bjørn Ole Rasch vart etter ei tid òg medlem av gruppa. Dei turnerte i fleire land, og spela på avslutningsseremonien under OL på Lillehammer 1994.

I 2000 hadde ho ein større internasjonal turné etter å ha fått lanseringsstipend frå Kassettavgiftsfondet. Kring same tid vart ho medlem av String Sisters, ei gruppe på seks kvinnelege felespelarer frå fleire land. I tillegg til hardingfele og fele spelar ho mellom anna det svenske folkeinstrumentet nøkkelharpe.

Lien pådrog seg i 2015 ein streptokokkinfeksjon som førte til at ho vart døv på det eine øret. Ho måtte ta ein pause som musikar, men eit cochlea-implantat gjorde det mulig å komme attende til scene og studio.

Mellom dei mange prisane ho har fått kan nemnast Øivind Berghs minnepris (1990), Karolineprisen (1990), YS' likestillingspris (1990), Møre og Romsdal fylkes kulturpris (1995), Pillarguriprisen (1997) og Anders Jahres kulturpris (2017). Ho har vore nominert til Spellemannprisen fleire gonger, men har aldri fått den prisen.

Litteratur og kjelder