Pillarguriprisen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Pillarguriprisen vart frå 1996 utdelt årleg på Pillargurifestivalen på Otta. Den delast ut til ei kvinne som i kraft av sitt mot og virke er eit forbilde for andre. Pillarguri er ein segnfigur som i 1612 skal ha blåst i ein lur eller eit prillarhorn for å varsle om skottetoget, og kan vere basert på ein reell person.
Siste gong prisen vart delt ut var i 2012; festivalen har ikkje vore arrangert etter dette.
Mottakarar
- 1996: Rosemarie Köhn, biskop.
- 1997: Annbjørg Lien, folkemusikar.
- 1998: Wenche Foss, skodespelar.
- 1999: Åse Kleveland, kulturarbeidar og politikar.
- 2000: Anne-Cath. Vestly, forfattar.
- 2001: Trine Hattestad, idrettsutøvar.
- 2002: Mari Boine, musikar.
- 2003: Kari Traa, idrettsutøvar.
- 2004: Shabana Rehman, forfattar, kunstnar og komikar.
- 2005: Marit Breivik, landslagstrenar.
- 2006: Liv Signe Navarsete, politikar.
- 2007: Mari Maurstad, skodespelar.
- 2008: Kristin Krohn Devold, politikar og generalsekretær.
- 2009: Wenche Myhre, songar.
- 2010: Tora Berger, idrettsutøvar.
- 2011: Hege Schøyen, skodespelar.
- 2012: Norske Kvinners Sanitetsforening.