Anne Reinton (1842–1929)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Anne Reinton»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Løvdokken Reinton (fødd 30. november 1842 i Gol, død 1929 i Hol) var utdanna jordmor og virka i jordmordistrikta Ål og Hol mellom 1864 og og 1894.

Familie

Anne var eldstejenta i ein syskjenflokk på ni med to gutar og sju jenter. Foreldra var Lars Larson (1817–1899) frå Perigarden Rotneim, Gol, og Margit Embrikksdotter (1820–1911), frå Søre Rud, Ål. Foreldra eigde frå 1845 garden Lauvdokken i Gol.

Båe brørne til Anne, Ivar (f. 1844) og Lars (f. 1849), og to av systrene, Birgit (f. 1847) og Guri (f. 1857), utvandra til Amerika. Ei tredje syster, Ingebjørg (1859-1890), skulle også til Amerika, dit mannen alt hadde reist, men vart sjuk og døydde i heimlandet. To andre systrer vart jordmødre som Anne: Ingebjørg (1852–1925) på Flå frå 1872 og Gro (1862–1951) i Nord-Aurdal. Foreldra overdrog i 1893 garden til den siste av systrene, Ambjørg (1854–1948).

I 1867 gifte Anne seg med gardbrukar Ola Reinton[1] (1820-1911) frå øvre Reinton. Ho var andre kona hans, og paret fekk to born saman; ein son og ei dotter, som båe utvandra til Amerika.

Jordmorvirke

Reinton gjekk på jordmorskule i Kristiania mellom 1861 og 1862. Utdanninga var i følgje eksamensprotokollen finansiert av amtet, og ho hadde løfte om tilsetting.

I 1864 vart ho tilsett som jordmor i Ål jordmordistrikt, med eit virkeområde som svara til Ål prestegjeld. Praksisen skulle ligge mellom Strand og Sundre, og i folketellinga for 1865 er ho registrert som jordmor og busett som innerst på garden Sandaker i Breie, Ål. Då Anne gifta seg med Ola S. Reinton, fekk ho lov til å drive praksisen sin frå Øvre Reinton (4/1), i dag Hol kommune.

I 1872 vart Hol eige jordmordistrikt (fem år før Hol vart skilt ut frå Ål som eigen kommune). Frå dette året virka Reinton berre i Hol. Ål herad vedtok å sende Kristi Varaberg på jordmorskule. Då Anne slutta i 1894, tok Margit Nerol over praksisen hennar.

Anne Reinton var også den fyrste jordmora som fekk ansvar for vaksinasjonen i bygda. Sjølv om vaksinasjon vart lovpålagd i 1815, vart det nok ikkje gjennomført før frå 1819. Dei fyrste året var det lærarane som sto for vaksineringa, men frå 1886 tok jordmødrene over.

I folketellingene for 1910 og 1920 er Anne på føderåd. Frå 1895 fekk ho også innvilga pensjon "da man fandt Forholdet exeptionelt".[2]

Fotnoter

Kjelder