Anne Vindegg (1884–1980)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Anne Vindegg (1884-1980)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete 1: Anne i stakk med "rosut" skjorte og plagg (skaut) utanfor stølen Prestholt oppunder Hallingskarvet. Biletet vart brukt i ei lærebok for ungdomsskulen på 1970-talet.
Foto: Paul Andreas Røstad, Norsk teknisk museum/DEXTRA, 1969.

Anne Tolleivsdotter Vindegg (fødd Tufto 14. juni 1884, død 25. oktober 1980) var gardkone på Vindegg i Kvisla, Hol. På Ustaoset støla ho og hadde også arbeid med hyttefolk og andre turistar. Ho var truleg ein av dei siste i Hol som brukte folkedrakt til dagleg.


Frå Tufto

Anne vart fødd på Tufto, grannegard til Vindegg. Dette var farsgarden til mora, Mari Ellingsdotter (1847–1937). Ho gifte seg i 1871 med Tolleiv Knutson (1846–1931) frå Verpe i Ustedalen (ved Geilo). Gjennom mellom anna skreppehandel hadde han tent gode pengar. I 1871 kjøpte han Tufto og i 1896 også grannegarden Søre Juvsjordet.

Mari og Tolleiv fekk ni ungar, og Anne var nummer sju i flokken. Av syskena vart alle utanom Birgit (1879–1959) buande i heimbygda. Tre av dei vart gardeigarar: Elling (1873–1963) på Tufto, Knut (1875–1963) på Øvre Sand og Olav (1882–1956) i Søre Juvsjordet. Pål (1877–1893) døydde som 16-åring. Asbjørn (1887–1973) var mellom anna heradskasserar. Ragnhild (1871–1918) og Ambjørg (1889–1967) budde og arbeidde på garden til Olav i Søre Juvsjordet. Dei var alle tre ugifte. I folketellinga 1910 driv Ragnhild som budeie og Ambjørg med husgjerning. Birgit utvandra til Nord-Dakota i 1904. Ho hadde i 1899 gifta seg med Asbjørn Eirikson Tufte, som kom frå myljo Tufto på Geilo og hadde utvandra to år tidlegare, men som var heime att nokre år.

Til Vindegg

I 1911 gifte Anne seg med Ole Olson Vindegg (1880–1955), som i 1907 hadde kjøpt Vindegg. 13. januar dette året skreiv han til broren Peder i Canada at "I vinter skal jeg have Anne Tufte til tjænestepige". Også i 1909 og 1910 hadde han henne som tjenestejente. Men i 1911 skreiv han: "Jeg skal nu gifte mig med Anne Tufte i vaar ved Santhanstider saa hvis de har lyst til at ture gjestebud saa er de meget velkommen."[1]

Åtte av dei ni syskena til Anne vart altså buande i Kvisla. Ole hadde ti sysken, fødd mellom 1877 og 1896, og fire halvsysken, fødd mellom 1903 og 1915. Det fyrste kullet var, liksom Anne sine sysken, i konfirmasjonsalder under dei to siste utvandringsbølgjene til Amerika. I 1880-åra var det tronge tider på Vindegg, og i 1887 gjekk garden på tvangsauksjon. Kan hende verka utsiktene meir lovande i Amerika enn i heimbygda. Iallfall utvandra fem av brørne hans dit.

Anne og Ole fekk sju born: Olav (1911–1994), Torleiv (1913–1986), Mikkel (1915–1988), Ingebjørg (1917–2004), Maria (1919–2003), Erling (1922–2006) og Sissel (1925–1988).

Til Vindegg høyrde mellom anna langstølen OsestølenUstaoset, der Anne støla. Som liten hadde ho vore med på stølen i Uri, lenger vest, der budde dei i steinbu.

Bergensbanen kom, sette Ole opp ei rekkje hytter på eigedomsremmen til kring Osestølen. Både støls- og hyttedrifta vart viktige inntektskjelder for garden og kravde innsats av heile familien.

Ei av dei siste stakkekjerringane

Hol og Ål var blant dei siste kommunane i landet som heldt på den regionale draktskikken. Då Aagot Noss gjorde feltarbeid her mellom 1956 og 1959, var det vanleg at gardkoner fødd før 1900 brukte "dåsakleu", som den tradisjonelle folkedrakta kallast. Anne var truleg blant dei aller siste i Hol som brukte hallingdrakt kvar dag – og aldri andre slags klede – fram til ho døydde i 1980. Sist på 1950-talet var det også nokre få ugifte kvinner fødd før 1900 som brukte dås. Systrene til Anne – Ambjørg og Ragnhild – ser ikkje ut til å ha vore blant dei.

I Nærbilete av ein draktskikk går Noss grundig gjennom kvar einskild del av kvinnedrakta i Hol og Ål. På grunnlag av gjenstandsmateriale, skriftlege og munnlege kjelder, konkluderer ho med at hovudtrekka i basisplagga – stakken (dåsa), forkleet (fyrikleet) og skjorta (avardelde) – har ein ubroten tradisjon på minst 300 år (med kjelder tilbake til kring 1650). I løpet av hundreåra vart det gjort mindre endringar i snitt, stoff, dekor og liknande, alt etter kva ein hadde tilgang til og i tråd med skiftande motar. Nokre endringar av denne typen kan ein spore i bileta av Anne og familien.

Fullt kyrkjekledd

På bileta frå 1880 (bilete 2), 1911 (bilete 4) og 1967 (bilete 14) er stakkekjerringane "fullt kyrkekledde", altså kledd i sin aller finaste stas. Alle har laus stakk (utan jutl i livet) med forkle, truleg i svart damask, som var mest vanleg etter 1800. Alle har også halsklut og hette på hovudet. Hetta syner at dei er gift. På dei to fyrste bileta ber Mari og Anne korte opentrøyer (jakker), som det er festa sylvspenner til. På bilete 4 har Mari brodert (truleg med korilstein) brystklut, medan Anne har sylvlekkje mellom spennene i trøya. Sylvlekkjene på bilete 14 er festa rett på stakken. Dette endra seg då det vart mindre vanleg å bruke trøye. På 1960-talet brukte få trøye, sjølv vinterstid. Anne brukte det heile livet, men dei siste tiåra berre om vinteren. På 1960-talet hadde også brystkluten gått ut av bruk. Elles hadde gifte kvinner gjerne meir og finere sylvstas enn ugifte.

Klede til kvardags og helg

Til kvardags brukte Anne, slik barnebarn (fødde mellom 1941 og 1962) minnast det, oftast rutastakk med ruta eller rosete skjorter. Til sundags var det gjerne grøne, blå eller svarte stakkar med rosete skjorter. For å halde skjorta eller stakken saman brukte ho gjerne ein skjorte/bringering med kors. Dessutan jutl (belte) i livet, som var mindre pynta enn laus stakk. Den var i nysylv med initialane hennar graverte inn. På hovudet brukte ho plagg (skaut). Om vinteren brukte ho strikkejakke og vindjakke utanpå stakken. Bilete 9 er teke ved Osestølen på Ustaoset. Her har ho ein uvand stakk (kan hende har han vore brukt som understakk?), som ho brukar laus, sidan ho er gravid. Noss skriv at kvinner gjerne hadde 6-7 dæser og 5 stakker når dei gifta seg. Eksempel på kvardagsklede finn me på bileta 1, 3, 7 og 9-13. På møtet i kvinneforeninga i 1950 (bilete 7) har over halvparten stakk.

Hovudplagg

Fram til 1860-70-åra brukte dei gifte kvinnene hette til dagleg, men frå 1880-åra byrja dette å endre seg. I 1930-åra var det framleis ei og anna gardkone som heldt på praksisen, men på 1950-talet vart hetta berre brukt i kyrkja og ved høgtider. På bilete 3 frå 1910 har Mari, mor til Anne, plagg på hovudet. På bilete 5 frå 1910 har ho hette, kan hende fordi dei har framande (dei tre til høgre) på vitjing. Ferdigsydde hetter kom i bruk frå 1870-talet. Med åra har dei vorte større og stivare, og sløret dekkjer mesteparten av den eigentlege hetta (den kvite delen). Trafset har også vorte lenger. På 1900-talet kom dei raude og blå sløra av silke, som etter kvart var dominerande. Forskjellen mellom hettene i 1880 (bilete 2) og 1967 (bilete 14) syner tydeleg endringane i utforming.

Hovudplagga synte sivilstatus. Ugifte brukte jentepannelin, men dette gjekk tidlegare ut av bruk enn hetta. Nokre få ugifte brukte pannelin etter århundreskiftet, men i 1959 var det nesten ute av bruk, sjølv om det heldt seg lenger som festplagg. Det var også få av informantane til Noss som hadde brukt pannelin på skulen, og desse var fødde før 1890. Det betyr at Anne kan ha brukt det, men for jenter fødde etter 1880 var det også vanleg med bykjole og vanleg hår på skulen. Pannelin vart siste gong brukt i ein konfirmasjon i Hol i 1919.

Plagget (skautet) avløyste dei andre hovudplagga både for gift og ugift, i kvardag og helg, og stundom også ved høgtider. Draktreformatoren Hulda Garborg brakte eit nytt element inn i draktskikken, nemleg lua, som høyrde med til høgtidskleda i Gol, men ikkje i Hol og Ål. På eldrefesten i 1961 (bilete 8) har kring tjue bunad. Av kvinnene har fire hette, fire lue og to plagg på hovudet.

Hårfletting

For å få plagg, pannelin og hette til å sitje på hovudet, delte dei håret i fire og fletta det i to stramme fletter med band imellom, som dei festa i ein ring øvst på hovudet med hårnåler, slik Oliva Dalen viser i Nærbilete av ein draktskikk.[2] Kan hende hadde håret til Anne vore fletta på denne måten sidan konfirmasjonen. Flettinga tok tid, og håret vart berre slept laus når det skulle vaskast. Om nettene tok ho ut hårnålene, men sov med dei stramme flettene. Hulda Garborg var opptatt av at den tradisjonelle hårflettinga sleit både på håret, som vart tunt, og huden, som kunne losne frå hovudbunnen, og ivra difor for ei forenkling.

Fotnotar

  1. Brev frå Ole O. Vindegg til Peder Vindegg 13. januar 1907, 4. april 1909, 20. mars 1910 og 27. mai 1911. Fra Norgesbrevsamlingen til Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket.
  2. Noss: 53-56

Kjelder og litteratur