Anne Øverland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anne Øverland (fødd 1. mars 1895 i Bø i Telemark, død 23. april 1992) var lærar på Rjukan.
Ho var dotter av bonde Olav Myrann og Guro f. Sørensen. Anne Øverland tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1918.
Som nyutdanna var ho skuleåret 1918/19 vikar i heimbygda. Året etter var ho ved Våer skule i Tinn. Frå 1920 arbeidde Øverland som lærar på Rjukan, der ho òg var gruppeleiar for K.F.U.K.-speidarane.
Anne Øverland, som vart 97 år gammal, er gravlagd i Bø.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2170215).
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.