Arne Wullum Blikkenslagerverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Wullum Blikkenslagerverksted var ei blekkslagarbedrift i Sykkylven, skipa av Arne Wullum. Wullum kom frå Halsa til Sykkylven tidleg i 1950-åra og fekk seg sjåførarbeid her. I 1960 starta han blekkslagarverkstad, der det vart laga takrenner og kanalar til ventilasjonsanlegg. Wullum bygde stovehus på Aure i 1960, og det var i kjellaren på dette huset at verksemda kom i gang. Første tida hadde bedriftseigaren berre hjelp av sonen Agnar Wullum i produksjonen.

I 1965 bygde han verkstad på eit stykke av Aurebøen. Då kunne arbeidsstokken aukast frå tre til seks mann. Nokre år seinare var det 11 tilsette i blekkslagarverkstaden.

Fram til 1990 laga Wullum og dei fem medarbeidarane hans i hovudsak ventilasjonsanlegg. I tillegg tok dei på seg vanlege blekkslagartenester for kundar i Sykkylven og bygdene omkring. I januar 1990 tok svigerson til Arne Wullum, Erling Vollset, over verksemda, som snart fekk namnet Wullum A/S.

Kjelde: