Astrid Sverresdotter Dypvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Astrid Sverresdotter Dypvik (fødd 19. oktober 1977) er historikar, målaktivist journalist og forfattar. Ho har leia Norsk Målungdom, og frå sluttan av 2020 er ho redaktør i Syn og Segn. Ho vaks opp i Lensvik i Orkland kommune,

Som leiar av Norsk Målungdom frå 2000 til 2002 la ho stor innsats i arbeidet med å få dataprogram på nynorsk, og då særleg program som vert nytta i skulen. Ho sto mellom anna bak elevstreiken for nynorsk data den 28. september 2000, då kring 30 000 elevar streika.

Som historikar har ho særleg arbeida med tysk etterkrigshistorie. Emnet for masteroppgåva frå 2007 ved Universitetet i Oslo var Bund der Vertriebenen, ein organisasjonen som representerar dei som vart fordrevne frå sine heimar i Aust-Tyskland, Polen, Tsjekkoslovakia og andre område etter krigen. I 2012 gav ho ut boka Det var DDR : Forteljingar om eit nedlagt land, der ho skildrar historia til DDR gjennom enkeltskjebner. I 2017 kom Berlinhistorier : kald krig i den delte byen, òg den basert på personlege historier frå dei som opplevde tida då Berlin var delt av muren.

Dypvik har skrive for mellom anna Morgenbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Nationen, I Klassekampen var ho ei tid debatt- og kronikkredaktør, og ho var vore redaksjonsmedarbeidar i Fortid. Ho tok på slutten av 2020 over som redaktør i Syn og Segn etter Janne-Kristin Svarstad Nygård.

Bibliografi

  • Dypvik, Astrid Sverresdotter: Ein posisjon bortanfor : Bund der Vertriebenen og diskusjonen om opprettinga av Zentrum gegen Vertreibungen 2002–2005. Masteroppgåve i historie. UiO. 2007. Digital versjon hos DUO vitenarkiv
  • Dypvik, Astrid Sverresdotter: Det var DDR : Forteljingar om eit nedlagt land. Utg. Samlaget. 2012. 217 s. Digital versjonNettbiblioteket
  • Dypvik, Astrid Sverresdotter: Berlinhistorier : kald krig i den delte byen. Utg. Samlaget. 2017. 192 s. Digital versjonNettbiblioteket

Litteratur og kjelder