Belag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Belag, bealag, beiarlag, bedarlag, belav, bølag med fleire uttale- og skriveformer, er nemninga på ein krets bueiningar som i eldre tid gjekk saman om å markere viktige livshendingar som barsøl, giftarmål og gravøl i form av gjestebod.

Bueiningane var både større og mindre gardsbruk og husmannsplassar. Laga kunne ha faste grenser slik at bueiningar i utkanten av laget kanskje ikkje bad naboen på ei side, men i staden bad nokon som låg relativt lagt unna i andre enden av området. Men det er òg døme på at laga var fleksible, og omfatta ein omkrins kring den enkelt eininga.

Nær slekt var oftast innbedne til slike lag utan omsyn til kvar dei budde.

I en artikkel i Grimstad adressetidende[1] i 1927 heter det:

"De fleste steder paa landet overalt i Norge har man sine "belag" d.v.s bestemte grænseskil inden hvilken alle fastboende blir indbudne — høi som lav — liten som stor — en pen demokratisk skik som gjerne følges ved begravelser og bryllupper — saasandt der indbydes utenfor slegt og nærmeste nabo."

I et foredrag om "Gildevæsenet i Norge i middeladeren" [2] antyder Oscar Albert Johnsen at man fortsatt kan se spor av det gamle gildevesenet, eksempelvis i belag.

Referanser

  1. Grimstad adressetidende 5/7/1927
  2. Gjengitt i Historisk tidsskrift 1924 nr 5

Kjelder