Belglii 15 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 15
Alt. namn: Stallemohytta
Utskilt: 1960
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 46
Type: Bustadseigedom

Belglii 15 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset er det eldste i Stussli. Det vart oppsett til hytte i 1960, lenge fyre det vart byggjefelt her. Han som bygde her var frå Kristiansand og heitte Martin Stallemo. I 1982 overtok Carl Otto Schiørn på Hovdestøylen hotell huset til personalbustad. I 1999 vart det kaupt av Britt Clüver (sjå Belglii 17-19, bnr 485), som i sin tur selde vidare til Knut Oddvar Linvik i 2004.

Knut Oddvar Linvik, f 1963, ug

Knut er frå Hattfjelldal, og son åt Elfrid og Olav Linvik. Han arbeider som vaktmeister i Hovden Badeland.


0941 Bykle komm.png Belglii 15 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 14-16 • Neste bolk: Belglii 17-19

Koordinater: 59.56093° N 7.35914° Ø