Belglii 31 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 31
Utskilt: 1987
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 495
Type: Bustadseigedom

Belglii 31 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Arne Tybring Hansen i 1987. I 1990 flutte han til Bykle kyrkjebygd (sjå Systog Mosdøl, gnr 13, bnr 11), og selde verestaden sin her til familien Wojtaszek:

Jan Wojtaszek. Bilete frå Setesdølen.
  • Jan Wladislaw Wojtaszek, f 1950
g m Halina, f 1949. Born:
  • Jan, f 1974, alpintrenar, busett Oslo
  • Beate, f 1981, p.t. under utdaning

Jan og Halina kom i utgangspunktet frå Krakow i Polen, men har budd i Noreg sidan 1970. Jan var dagleg leiar ved Hovden skisenter i perioden 1990-96, og hadde sidan ei gåve- og interiørforretning som heitte Tinghuset i Fjellgardstun. I 2002 flutte familien Wojtaszek til Søgne, og selde då huset sitt til dei som bur her nå (2006). Frå hausten 2004 er Jan dagleg leiar ved det nybygde alpinsenteret i Brokke. Men nå over til dei som kaupte huset her:

Lars Mikael Pålsson
Foto: Setesdølen
  • Lars Mikael Pålsson, f 1971
g m Kari Ekeberg, f 1975. Born:
  • Niklas, f 2004

Lars Mikael er langrennstrenar ved Skigymnaset, og har vore på Hovden frå 1996. Han er frå Østersund i Sverige, og son åt Berit og Bernt Pålsson. Kari er førskulelærar. Ho kjem frå Larvik, og er dotter åt Ragnar og Astrid Ekeberg.


0941 Bykle komm.png Belglii 31 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 30 • Neste bolk: Belglii 32

Koordinater: 59.56129° N 7.36254° Ø