BidumBágo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

BidumBágo er ein ordboksapp med omsetjingar frå pitesamisk til bokmål, nynorsk, svensk, engelsk og tysk samt reversregister frå desse fem språka til pitesamisk. Per mars 2022 har siste versjon av appen i overkant av 6100 hovudoppslagsord. Ordboksgrunnlaget er hittil i hovudsak Halász' ordbok frå 1896, Qvigstads ordboksmanuskript frå ca. 1928 og stadnamnbok frå 1938, Ruongs doktorgradsavhandling frå 1943 og Wilburs ordbok frå 2016.

Prosjektet BidumBágo vart starta i 2017 av Olve Utne i samarbeid med Joshua Wilbur og Peter Steggo.

Lenkjer

  • «BidumBágo» – prosjektgruppe på Facebook der appen kan lastast ned.