Biografi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjå også: Korleis skrive biografiar på Lokalhistoriewiki?

Kristen O. Dagsgard, fødd i Skjåk 1864. Han utvandra til USA i 1884 og arbeidde som kokk der. Hans biografi – som ikkje er skriven - kunne gjere sitt til å kaste lys over mange og vidsveimde historiske fenomen og prosessar. Det er verdshistoriske, lokalhistoriske, psykohistoriske, kjønnshistoriske og mange andre historiske forklaringar på at Kristen kunne la seg avbilde i dette yrket på det tidspunktet på den staden.

Biografi kjem av gresk bios = liv og graphikos = skriving, teikning, og tyder altså heilt bokstaveleg «livsskildring», framstilling av ei livshistorie. Biografi er både ein litterær sjanger (med talrike undersjangrar) og ein fagdisiplin eller metode innan fleire vitskapsfelt som historie, kunst- og litteraturhistorie, og livsløpsgjennomgang er viktig også innan fag som psykologi og medisin. Ein viktig variant er sjølvbiografien, der biografen sjølv både er emne for og hovudkjelde til framstillinga. To eller fleire (ofte mange) personar kan få sine liv framstilte i ymse former for kollektive biografiar (gruppebiografiar, samlebiografiar m.m.). Utanom det dokumentariske og vitskaplege har biografien hatt ulike føremål og funksjonar gjennom tidene: religiøse, moralske, oppsedande, nasjonsbyggande, politiske, underhaldningsmessige osv.

Typologi, føremål og funksjonar

Sjangermessig høyrer biografien i hovudsak sakprosaen til, og den figurerer innan både den eigentlege faglitteraturen og som meir populære, journalistisk prega framstillingar. Men biografiar kan også framstillast som fiksjon, dvs. skjønnlitterært i t.d. romanar og dramatiserte former. Eit slåande døme på dette er Karl Ove Knausgårds Min kamp 1-6 (sluttført 2011). Det er ein skjønnlitterær variant i analogi med fleire av dei dokumentariske biografitypane som blir omtala nedanfor: sjølvbiografi, gruppebiografi og relasjonsbiografi. Mange kjende historiske personars livsløp, verk og personlegdom er forsøkt framstilt i skjønnlitterære former, som romanar, forteljingar for born osv., gjerne med eit underliggjande oppdragande føremål. Klassiske heltesoger og helgenforteljingar er skjønnlitterære verk.

Tradisjonelt er det vidkjende personar som helst blir gjorde til gjenstand for biografiar i bokform, oppslag i leksika, spelefilmar («biopics»), «dokudrama» på fjernsyn osv. Men innan sosialhistorie, kulturhistorie og andre fagdisiplinar, og ikkje minst i lokalhistorisk samanheng, vil også mindre kjende og «ubetydelege» personars livsløp og livsgjerning ha interesse.

Innan lokalhistoria finn vi biografiar mest i det mindre formatet, formidla som artiklar i årbøker og på Internett, og som massebiografiar i sjangeren gards- og slektshistorie.

Dokumentarisk biografi versus fiksjonsbiografi

Som historiefagleg disiplin er det den dokumentariske biografien som har hovudfokus, dvs. framstillingar som er baserte på kjeldefunderte og etterprøvbare kjensgjerningar. Men også fiksjonsbiografiar (skjønnlitterære framstillingar) kan vere av interesse for faghistoria. Fiksjonsbiografiar er ikkje historisk forsking, men er å sjå som kulturhistoriske kjelder av leivningskarakter. Klassiske heltesoger, mellomalderske helgenbiografiar og martyrforteljingar, lokale segner om «kjempor i bygda» så vel som moderne biografiske dokumentarromanar fortel mykje om ideal, tenkjemåtar og førestillingar i forteljarens/biografens samtid og miljø.

Også den dokumentariske biografien deler seg opp i ei mengd undergrupper av sjangrar, format og publiseringsmåtar: monografiar, leksikonartiklar, samlebiografiar (nasjonale biografiske leksika, yrkesbiografiar o.l.), «historiske-», «litterære-» og «politiske» biografiar m.m.m.[1] Ikkje minst grupperer dei seg i ymse kategoriar ut frå kva det blir lagt mest vekt på av dei mange faser og aspekt som knyter seg til kvart eit menneskeliv: Kva skjedde med vedkomande på alle dei ulike stadiar av livet frå fødsel til død? Kva levde dei av, kva fekk han eller ho utretta? Kva omgivnader levde dei i – familie og heimstad, nasjon og etnisk gruppe, historisk epoke osv - , og korleis påverka han eller ho sine eigne omgivnader? Korleis var dette mennesket som person, og kva gjorde at vedkomande vart nettopp slik?

Det finst knapt døme på reindyrka kategoriar av biografiar sorterte etter ovanståande emnerekkje. Skildringa av eit liv må nesten med nødvende ha med noko av alt. Men det er store skilnader i kva det blir lagt vekt på, og som oftast er vektlegginga resultat av medvitne, meir eller mindre reflekterte val og føremål hjå biografen.

Livsløpsbiografien

Den enklaste forma for biografi er livsløpsbiografien, dvs. vitale data, viktige hendingar og gjerningar i det livet som blir skildra, framstilt i greifaren kronologisk rekkjefølgje. Det er altså ei attgjeving av vedkomande persons CV, som jo tyder nettopp livsløp (Curriculum Vitae ).

Livsløpsbiografiar er veleigna for det oppramsande, leksikalske kortformatet, men mønsteret blir i meir eller mindre utbrodert form også ofte lagt til grunn i større arbeid. Det er også livsløpskonseptet som dannar kjernen i det som nedanfor blir omtala som «massebiografiar».

Liv og samtid

Ein hovudvariant av historiefagleg funderte biografiar tek mål av seg til å belyse større historiske samanhengar ved hjelp av livshistoria til ein bestemt person. Tendensielt vel ein da bort sider ved den biograferte sitt liv som verkar mindre relevante for vedkomande «historiske samanheng». Jo lenger i den retning ein går, jo nærare kjem ein «den problemorienterte biografien» til skilnad frå livsløps- eller «livsbanebiografien». Dette er dei to grunntypane av biografi som historikaren og statsvitaren Trond Nordby deler disiplinen inn i nettopp i samband med ei drøfting av historisk biografi.[2]

Nordby orienterer seg sjølv uttrykkeleg mot den problemorienterte biografien. Han vil stille spørsmål om historiske omstende som biografien så skal vere med og gje svar på. Nordby vektlegg elles strukturen framfor den individuelle aktøren i historiske prosessar, også når han nyttar biografien som verkemiddel: «Som historiker er jeg primært opptatt av samfunnsprosesser. Enkeltindivider interesserer bare gjennom sine relasjoner til samfunnet omkring.»

Liv og virke, liv og verk

Nordby formulerer desse synspunkta i samband med ein større biografi han skreiv om den banebrytande sosialpolitikaren og helsedirektøren Karl Evang.[3] Denne biografien er i tillegg til å vere ein problemorientert «liv og samtid»-biografi, også eit godt døme på den sjangeren som kan kallast «liv og virke».

Ein problemorientert biografi vil typisk konsentrere seg om det den biograferte personen har utretta og er kjend for. For politikarar, polfararar, militære osv vil dette vere den verksemda dei har drive, eventuelle bragder dei har utført, eller for den saks skuld nederlag dei har møtt som politikarar, polfararar osv.

Forfattar-, kunstnar- og vitskapsbiografiar vil fokusere på den biograferte sitt skaparverk: Diktverka, målarstykka, dei vitskaplege oppdagingane, helst sett inn i litteratur-, kunst- og vitskapshistoriske samanhengar.

«Virke og verk» vil også figurere i konsentrerte livsløpsbiografiar i bygdebøker, leksika og liknande. I samlebiografiar over yrkesgrupper vil vedkomandes yrkeskarriere naturleg utgjere ein vesentleg del av omtalen, sjå t.d. Olai Ovenstads offisersbiografiar.[4]

Både «virke» og «verk» blir gjerne framheva som motsetnad til dei meir private, familiære og i ein viss forstand trivielle sidene ved eit livsløp.

Liv og sjel

Plutark (ca. 45-125) er ein av dei fyrste og fremste kjende biografar, Han la vekt på den biografertes ethos (karakter, personlegdom) og på samanhengen mellom personlegdomen og livsløpet. Hovudverket Bioi paralleloi (Parallelle liv) inneheld biografiar over 46 personar. Livet og personlegdomen til to og to av desse, ein grekar og ein romar, blir her jamførte på ein slik måte at lesaren skal kunne hjelpast til klokare og rettare livsførsel. Verket kom u mange trykte utgåver frå renessansen av, og vart mykje lesen og mykje brukt. Mellom anna henta Shakespeare personar og handlingar til fleire av tragediane sine frå Plutark. Denne engelske utgåva av Parallelle liv er frå 1727.

Den greske biografen Plutark (ca. 45-125) disiplinen i lys av avvegingane som må gjerast mellom praxeis og ethos.[5] Det fyrste blir omfatta av «livsløp, virke og verk» ovanfor. Ethos (moralsk haldning, det sedelege) i biografien dreiar seg om kunne portrettere den biograferte som menneske og personlegdom, med vekt på den moralske karakteren.

I forsøka på å nå fram til «mennesket bak» statsmannen, den geniale kunstnaren eller polfararhelten må sjølvsagt også andre sider ved sjelelivet enn det etiske kome fram, det som er knytta til intellektet (logos) og kjenslelivet (pathos).

Tradisjonelt har det rådd skepsis blant historikarar overfor den psykologisk orienterte biografien. Trond Nordby avviser langt på veg denne som historiefagleg irrelevant. Ein annan som enda strengare hevdar kravet om samfunnsmessig relevans i slike samanhengar, er den danske historikaren Niels Thomsen. I 1992 formulerte han dette i ein kritikk av ein annan historikars biografiske arbeid om den københavnske skulepioneren Nathalie Zahle (verksam ca. 1850-1910). Forfattaren var Birgitte Possing, som kan seiast å vere orientert mot nye kulturhistoriske retningar frå 1980- og 1990-talet, og som metodologisk stiller seg skeptisk til det konvensjonelle skiljet mellom det offentlege og private i biografisk arbeid. Thomsens utgangspunkt for kritikken er at «...en videnskabelig sigtende historisk biografi [skal] gå ud fra hovedpersonens vigtigste indsats, rolle og betydning i samfunds- og kulturudviklingen.» I Zahles tilfelle må dette gjelde den skulehistoriske betydninga ho hadde hatt. «Men Bg. Possing vil netop ikke skrive skolehistorie...», skriv Thomsen, «...hun vil skrive personlighedshistorie og er derved efter min mening på vej ud i trivialitetens hængedynd...»[6]

Karakteranalyse kan likevel ikkje seiast å vere prinsipielt uinteressant for historikaren. Men det ein historikar tradisjonelt tek mål av seg til å forklare ved karakteranalyse, er dei utslaga bestemte psykiske disposisjonar måtte ha gjort seg på dei historiske omgivnadene. Kva rolle spela Hitlers psyke i historia om andre verdskrigen? Slike spørsmål vil venteleg liggje innanfor det både Nordby og Thomsen ville akseptere som fagleg relevant. Men om ein skal ta Thomsen og iallfall Nordby bokstaveleg, ligg det ikkje til historikaren å forklare årsakene til at vedkomande aktør har fått nettopp dei eller dei karaktertrekka: «Jeg mener [...] historikeren kan avstå fra å søke forklaringer på de personlighetstrekkene han mener å kunne observere.»[7] Om Hitlers psyke var forma til dømes av ei autoritær opseding og av vanskelege og audmykjande opplevingar i oppveksten, er i dette perspektivet ikkje tema for historikarar. Mot dette kan sjølvsagt hevdast at også historiske føresetnader for personlegdomsdanning er eit samfunns- og kulturhistorisk relevant tema.

Kollektiv biografi

Når det er snakk om biografiar over fleire hovudpersonar i eitt og same verk, har omgrepa lett for å flyte over i kvarandre. Ein mogleg systematikk ligg i nedanståande skilje mellom gruppe-, samle- og massebiografi.

Gruppebiografi («familiehistorie»)

Ein gruppebiografi fokuserer fleire personar i ei samla, heilskapleg framstilling. Knut Kjeldstadlis Mine fire besteforeldre: en familiefortelling om framveksten av det moderne Norge (2010) er eit døme på dette, der noregshistoria og slektskapsforholdet til forfattaren er det som skaper heilskapen. Kjeldstadli kallar sjølv denne boka «de sosiale typenes biografi», der dei einskilde livshistoriene blir knytta til breie samfunnsprosessar.[8]

Meir konvensjonelle slektshistorier, der fleire (oftast mange) personar er biograferte ut frå eit samla fokus på den felles slektstilknytinga deira, er også eit spesialtilfelle av gruppebiografiar.

Relasjonsbiografi («mann og kone»)

Dersom liv og personlegdom hos hovudpersonane blir systematisk analysert gjennom sine personlege forhold til kvarandre, kan vi med historikaren Inger Elisabeth Haavet kalle det ein relasjonsbiografi. Haavets Nina Grieg. Kunstner- og kunstnerhustru (doktoravhandling, fyrst utgitt som bok i popularisert form), er eit medvite forsøk på å utprøve og utvikle denne sjangeren som historisk-biografisk metode.[9] Omgrepet gjev venteleg best meining der det dreiar seg om tette psykologiske band, som i parforhold og familierelasjonar. Rivaltilhøve vil stundom kunne falle inn under omgrepet (Scott og Amundsen?). Relasjonsbiografiar er ein variant av gruppebiografiar, med det atterhaldet at det ofte vil dreie seg om dobbeltportrett, ikkje større grupper.

Samlebiografi («biografisk leksikon»)

Nemninga samlebiografi reserverer vi for verk der fleire (mange) biografiar/sjølvbiografiar er samla i eitt og same verk, men der artiklane om dei einskilde personane er innbyrdes uavhengige av kvarandre. Dei står på eigne bein, bortsett frå at dei som oftast er skrivne etter ein gjeven felles mal. Dei som blir omtala har heller ikkje nødvendigvis noko med kvarandre å gjere, anna enn at dei deler berømmelse, yrke eller noko anna som måtte vere påskotet til å samle nettopp desse personane i eitt og same verk. Biografiane i slike samleverk er typisk alfabetisk ordna. Norsk biografisk leksikon er eit slåande døme. Serien Studentene fra (årstal) er samlebiografiar (i stor mon innsende sjølvbiografiar) over personar med examen artium. Dei mange yrkesrelaterte samleverka likeså: Norske skulefolk, Olai Ovenstads offisersbiografiar og liknande. Andre samlebiografiar er slike som Nordmenn i fangenskap 1940-1945, Våre falne 1939-1945 osv.

Massebiografi («gard og slekt»)

Vi definerer massebiografi slik: Livsløpsskildringar for eit større tal menneske skrivne med det føremålet å framstille ein historisk heilskap som er noko anna og meir enn summen av dei enkeltbiografiane som er tekne med.

Ei slektshistorie skal framstille den biologisk- og konvensjonsbestemte «slekta» som såvoren, ikkje berre portrettere færre eller fleire av dei som er knytta til denne. Gards- og slektshistorie er eit ganske reindyrka døme på kva som meinest med massebiografi her. Slike verk skal danne ein heilskap som i likskap med slektshistoria har biologiske slektskapsforhold som ei ramme (sentrert om foreldre-born), men som til forskjell frå slektshistoria er geografisk avgrensa, knytta til bustad (heim), grend og bygd, og for den saks skuld også tettstader og jamvel bydelar/byar.

Det er det tilsikta heilskapsdannande føremålet som gjer at vi ikkje inkluderer samlebiografien i massebiografiomgrepet. Men samle- og massebiografi deler den eigenskapen at dei dannar eit kjeldegrunnlag som kan aggregerast til statistikk over og tolkingar av sosial- og kulturhistoriske gruppefenomen, også andre fenomen enn det massebiografien har som føremål å belyse. Massebiografien som historisk metode blir kalla prosopografi, som blir nærare omtala nedanfor.

Tilgrensande sjangrar: Memoarar, minnestoff, dagbøker

Memoarar, som bokstaveleg tyder minne, erindringer, er ein sjanger som vanskeleg kan skiljast frå sjølvbiografien. Mange verk kan like godt kallast det eine som det andre. Ein skilnad kan likevel vere at sjølvbiografien etterstrevar å gje eit systematisk bilete av livsløpet, kanskje heilt fram til skrivande stund, medan memoarar heller konsentrerer seg om viktige hendingar vedkomande har stått midt oppe i eller vore nær observatør til, ofte noko attende i tid. Det er altså ein «(liv og) virke-» variant av sjølvbiografien. Av dei mest berømte memoarane i verdslitteraturen er dei til den store forføraren Giacomo Casanova frå 1700-talets Italia. Der er nettopp forførarrollen det dominerande tema i framstillinga.

Som oftast blir memoarar utgjevne i bokform av kjende personar som kan forvente utbreidd publikumsinteresse for hans/hennar opplevingar og synsmåtar. Mindre pretensiøse framstillingar av same art kallar vi gjerne livsminne eller berre minnestoff. Det dreiar seg om nedteikningar, eventuelt lyd- og filmopptak, gjorde av ein sjølv eller av andre. Det kan ha form av bearbeidde forteljingar til glede for andre i årbøker, trykte minnesamlingar som Arbeidsfolk forteller (Oslo, 1953-1962), Bygd og by i nær fortid (Oslo, 1982), eller andre fora. Men mykje slikt materiale er resultat av innsamlingar einast med tanke på å skaffe kjeldegrunnlag for meir bearbeidde historiske arbeid, for eksempel bygdebøker, og blir såleis verande arkivstoff.

Dagbøker er også ein form for sjølvbiografi, men er samtidig nedteikna, og vantar altså det filteret som sjølvbiografien har gått gjennom av ettertidig kunnskap og refleksjon.

Forskingsfelt og metode

Fråsett det litterære sjangeraspektet er det føremålstenleg innan historiefaget å drøfte biografisk arbeid både som forskingsfelt og som metode.

Det som skal forklarast og det som forklarer

Det går eit historiefagleg prinsipielt skilje mellom «liv og samtids-biografi» på den eine sida, «liv og verk-» og «psykobiografi» på den andre. I det fyrste tilfellet er det samtida (den historiske konteksten) som skal belysast ved hjelp av biografien. «Historia» er målet, biografien middelet. I liv og verk- og psykobiografi er det den biograferte personen, hans eller hennar personlegdom og livsverk, som skal «forklarast» i lys av dei historiske omstenda vedkomande levde under («eit barn av si tid»). Biografien er målet, «historia» middelet. Eksplanandum (det som skal forklarast) og eksplanans (forklaringsfaktorane) byter altså plass.

Men i praksis let det seg vanskeleg gjere å reindyrke anten historia eller biografien som eksplanandum. Historia respektive biografien blir «forklart» som ein bieffekt av det eine eller andre hovudføremålet. Ein kjem rett nok ganske nær ein reduksjon av biografi til historisk metode i arbeid som byggjer på massebiografi som kjeldemateriale. Og det finst talrike døme på biografiar som «forklarer» personen utan å vektleggje den historiske konteksten. Desse fokuserer da heller slikt som medfødde eigenskapar, geni og guddommeleg inspirasjon.

Ein elementærpartikkel i historia

Thomas Carlyle (1795-1881), historikar og biograf. Skreiv mellom anna On Heroes, Hero Worship, and the Heroic in History (1841), der han framheva dei store personlegdomars rolle i historisk utvikling. Han såg biografien som ein grunnleggjande disiplin innan historievitskapen.

Biografien som eit eige felt for historisk forsking inneber å gjere enkeltmenneskets liv til eit emne på linje med andre delemne innan historiefaget. Ein biografi er å sjå som eit utsnitt av den historiske røynda som er verd å underkastast vitskapleg gransking, anten det er som forklaringsobjekt (eksplanandum) og mål i seg sjølv eller som forklaringsfaktor. Biografien er slik sett analog med institusjonshistorie, organisasjonshistorie, historia om eit bestemt hendingsforløp osv.

Den skotske historikaren og biografen Thomas Carlyle opphøgjer biografien til ein overordna historisk disiplin i denne spissformuleringa frå 1830: «History is the essence of innumerable Biographies.» Carlyles ven gjennom store delar av livet, den amerikanske poeten Ralph Waldo Emerson istemde nokre år seinare: «There is no history. There is only Biography.»[10]

Enkeltindividet som historisk granskingsemne får auka relevans under ei slik erkjenning av at historia i grunn og botn er summen av alle enkeltmenneske sine livsløp og livsinnhald i denne verda. Men denne summen er det uråd å rekne ut. Så, når ein skriv historie, trekkjer ein ut og lagar andre, om ikkje nødvendigvis enklare (og alltid diskutable!) reknestykke. Ein trekkjer ut eitt eller fleire livsløp, ein grupperer menneske etter ulike sorteringsmåtar, ein granskar konstellasjonar av personar i ulike situasjonar, strukturar, institusjonar, lokalsamfunn, hendingsforløp, meiningssamanhengar. Kort sagt, ein studerer menneske i samfunn og kultur på eitt eller anna nivå.

Men også ei etterretteleg framstilling av livet til eitt einaste individ er samfunns- og kulturhistorie, nær sagt anten ein vil det eller ikkje. Det gjeld anten personen er kjend eller ukjend for mange, «viktig» eller «ubetydeleg», og anten framstillinga er detaljert og altomfattande, eller av enklaste slaget med mangelfulle opplysningar osv. Ein påliteleg biografi er aldri bortkasta som historisk arbeid. Men det vil sjølvsagt variere sterkt kor historisk verdfulle desse biografiane vil vere, dvs. kva kraft dei har til å gje lesaren auka innsikt i og forstand på verdens gang og menneskets skiftande vilkår.

Metodologisk individualisme?

Napoleon kryssar Alpane. Målarstykke av David 1800. Er Napoleon «utbyttbar» i historia? På sett og vis, skriv Plekhanov. Andre «ærekjære egoistar» blant generalane stod klare til å overta om Bonaparte skulle falle på eit av sine felttog. Visse historiske omstende ville nok ha vorte annleis. «Dygdsmønsteret Louis Phillippe ville kanskje ha stige opp på sine kjære slektningars trone allereie i 1820 eller 1825 i staden for 1830.» Og det kan vel hende at også Plekhanov ville funne det fagleg rekningssvarande å skrive grundige og historisk etterettelege biografiar over Napoleon. For «personar med sterk innverknadsmakt kan takk vere sine forstands- og karaktereigenskapar endre det individuelle preget og nokre særskilde følgjer av historiske hendingar.»

Framstilt slik blir framheving av biografi i historisk gransking nær einstydande med å tale for den metodologiske individualismen i historiefaget. Det vil seie at ein freistar forklare strukturar og samanhengar ved å analysere desse ned til dei einskilde handlande individ, og med forklaringsforrang til desse eineståande individa sine handlingar og motiv.

Ikkje alle historikarar som nyttar seg metodisk av biografien vil vedkjenne seg den metodologiske individualismen. Eller rettare sagt, når ein som skeptikar likevel grip til biografien som forskingsfelt og metode, gjer ein seg særskilt umake med å motverke dei tilkortkomingane ein meiner den metodologiske individualismen kan vere belemra med. Eit eksempel er Trond Nordby som er referert ovanfor, som insisterer på at han også i biografien er mest fokusert på samfunnsprosessar.

Det klassiske spørsmålet her er: Kor langt kan framstillinga av biografiske utsnitt av historia rekkje til å fremje innsikt også i større samanhengar? Det dreiar seg om «personlegdomens rolle i historia», ei problemstilling som er uttrykt i tittelen på eit innverknadsrikt lite skrift av den russiske marxisten G.V.Plekhanov i 1898. Ein høyrer ekko av Plekhanov i Nordbys vurdering av biografiens funksjon.

Ei mogleg tolking av Plekhanovs syn ville faktisk gjere biografien heilt verdlaus som historisk emneområde og metode «eftersom varje historisk individ er utbytbar», slik den svenske historikaren og biografen Göran B. Nilsson vel å oppsummere Plekhanov. Lesen med større velvilje, og nok med større rettvise, kan ein ta utgangspunkt i denne utsegna av Plekhanov sjølv: «[Dei som strevar etter å vise at historia er bunden av «lover»] har lett for å gløyme at det er mennesket som skaper historia og at verksemda til dei einskilde personlegdomane såleis ikkje kan vera utan betydning for denne historia.»

Plekhanov såg det som meiningslaust å sjå «personlegdomen» og «samfunnskreftene» som skilde «faktorar» i historisk forklaring. Han kan takast til inntekt for eit vitskapssyn som seier at det er individet som skaper historie, men alltid i eit dialektisk tilhøve til dei historiske omgivnadene – samfunnskreftene. For marxisten Plekhanov er det særleg produktivkreftene som peikar seg ut blant desse historiske omgivnadene. Individet, gjerne tilknytta eit kollektiv, vil verke og bli påverka innanfor desse rammene, men også ha utveg til å tøye, utvide og jamvel sprengje dei same rammene.

Massebiografi som metode. Prosopografi.

Skiljet mellom metodologisk indvidualisme på den eine sida og t.d. strukturalistiske eller funksjonalistiske metodiske haldningar på den andre, går når alt kjem til alt ikkje mellom bruk eller ikkje-bruk av biografi som historisk metodisk teknikk. Skiljet går heller i oppfatningar av kva som kan forklarast eller ikkje ved å analysere eit einskild menneskes liv og sjel. Både «metodologiske individualistar» og dei meir strukturorienterte kan med stort frimod nytte det som ovanfor er omtala som massebiografiar i sitt arbeid, altså eit større tal livsløpsskildringar som kan aggregerast og danne utgangspunkt for å analysere bestemte historiske fenomen.

Familierekonstitusjonsmetoden innan demografien er ein vitskapleg måte å lage slike aggregerte biografiar på, og som i sin tur kan danne grunnlag for statistisk-historisk analyse. Den metoden ligg også i botnen av gards- og slektshistorisk arbeid.

Familierekonstitusjon og eit stort tal individuelle livsløpsoppriss har danna basis for store sosial- og lokal/regionalhistoriske undersøkjingar, slike som Ullensakerprosjektet og Kristianiaprosjektet på 1970-talet. Desse undersøkjingane gav rom både for metodologisk individualistiske og strukturelle tolkingar av ulike fenomen som industrialisering, migrasjon etc. Kva var viktig: utvikling av produktivkreftene i form av industri som gav arbeid til levebrødssøkjande bygdeungdom, jernbane og lovgjeving som opna Midtvestens præriar for immigrantar, eller individuelle motiv hjå den enkelte gut eller jente: trongen til eit anna og betre liv?

Nemninga prosopografi blir ofte brukt om kollektiv biografi som historisk metode. Prosopografi har vore definert og praktisert på varierande vis frå antikken til i dag. Den britiske historikaren Lawrence Stone har gjeve følgjande autoritative definisjon av omgrepet som moderne historisk metode: «Prosopografi er gransking av fellestrekk ved bakgrunnen til ei gruppe historiske aktørar ved hjelp av kollektive studiar av deira liv.»[11]

To liv i biografisk arbeid

Om ei historisk framstilling er aldri så sakleg og nøktern, og kjeldearbeidet som ligg til grunn aldri så fagleg prikkfritt: Arbeidet vil ha eit særpreg som kan førast attende til historikarens livsrøynsler og intellektuelle, emosjonelle og etiske føresetnader. I biografisk arbeid blir subjekt-objekt-problematikken gjerne meir akutt og openberr enn i behandlinga av meir «upersonlege» sakstilhøve, av di to personlegdomar og temperament møtest i arbeidet. Berge Furre oppsummerer det slik: «To liv er vovne saman i biografien: Objektets – synleg i teksta; forfattarens – usynleg til stades i utvalet av hendingar, problemstillingar, vektlegging, fargelegging, sympatti og motvilje.»[12]

Lokalhistoriske biografiar

I lokalhistorisk samanheng har biografien tradisjonelt ovra seg mest i to former: Som artiklar i årbøker og som massebiografiar i bygdebøker (gards- og slektshistorie). I dei seinaste åra har ein tredje kategori vorte innarbeidd: Nettpubliserte biografiar, slik som på lokalhistoriewiki.no. Sjeldnare innan lokalhistoriske biografiske sjangrar finn ein monografien, dvs. større arbeid som konsentrerer seg om ein enkeltpersons liv. Det gjeld i så fall nesten utan unntak folk som også har gjort seg gjeldande i ein større samanheng enn det lokalsamfunnet dei har levd i.

Gards- og slektshistorie

I gards- og slektshistorie er kjerneinnhaldet framstillingar av det ytre livsløpet til flest mogleg menneske, skore ned til reine vitale data om foreldre og sysken: fødselsdato, eventuell pardanning og etterkomarar, dødstidspunkt og bustadene vedkomande har hatt i dei ulike delane av livet. Dei meir forseggjorde arbeida innan sjangeren inneheld også fyldigare framstillingar av enkeltpersonars liv og virke, men heile tida i etter måten knapt format. Slike utfyllande omtaler vil om ikkje for anna så av praktiske grunnar alltid gjelde berre eit mindretal av dei som har levd i bygda. Utvalskriteriar vil variere frå det heilt tilfeldige, til tanken om at hovudpersonar i hushalda eller menneske som har gjort seg særskilt gjeldande på det eine eller andre feltet fortener grundigare omtale enn andre.

Årbokbiografiar

Variasjonsmangfaldet i årboksbiografiane er stort, både med omsyn til kven som blir biografert, og når det gjeld type og kvalitet på framstillingane. Det kan vere «bygdas store søner og døtrer», framståande personar i lokalsamfunnet som ordførarar, lærarar og prestar, men også by- og bygdeoriginalar, «heidersmenneske», «dugande kvinnfolk» og andre kvardagsheltar. Også sjangermessig varierer framstillingane mykje. Dei kan vere dokumentariske og analytiske eller (også) anekdotisk prega, framstilt i samanhengande livsløp eller konsentrert om det ein ser som interessante enkeltpunkt, storhendingar eller stadiar i livet til den biograferte.

Biografi på lokalhistoriewiki – nye moglegheiter

Nye digitale medium har gjort moglegheitene for lokalhistorisk biografi monaleg større, både kva gjeld omfang, utvida bruksområde og metodisk raffinement. Det gjeld ikkje minst nettstader som lokalhistoriewiki.no.

Krysstilvsingar (lenkingar) banar veg for prosopografien og kan vere eit nyttig instrument for nettverksanalyse.

Samskriving av artiklar («crowd sourcing»)[13] gjev for det fyrste praktiske utvegar til mangesidige og utdjupande framstillingar. Den eine lokalhistorikaren kjenner presten frå sitt prestegjeld, ein annan kan gjere greie for same prestens framferd i andre kall. Ein kjenner diktarens oppvekst frå sin eigen heimstad, ein annan har god innsikt i forfattarskapet.

Eit viktig metodisk poeng er at slik samskriving modifiserer problemet med dei to liv i biografien, nærare bestemt biografens dominerande røyst. Bidragsytarar med ulike ståstader kan bidra til å nøytralisere implisitte og eksplisitte, usaklege og dårleg grunngjevne haldningar til biografiobjektet, anten desse haldningane er av politisk, religiøs, moralsk eller annan art, og anten det skulle gå i panegyrisk eller fordømmande lei.



Referansar

  1. Sjå t.d. Egeland, M. 2000: 88-97
  2. Nordby, T. 1986:70-71.
  3. Nordby, T. 1989.
  4. Ovenstads offisersbiografier
  5. Sjå t.d. Egeland, M. 2002:261-264.
  6. Thomsen, N. 1992:355.
  7. Nordby, T. 1986:71.
  8. Kjeldstadli, K. 2010:12.
  9. Jf. Possing, B. 1999:527.
  10. Både Carlyle og Emerson sitert etter Egeland, M. 2002:267
  11. Stone, L. 1971, her omsett frå engelsk av H.P.Hosar. Jf. også Kjeldstadli, K. 1992:228.
  12. Furre, B. 1986:67
  13. Wikipedia


Kjelder og litteratur

  • Dahl, Hans Fredrik: «Den historiske biografi I. (Symposion)» , i Nytt norsk tidsskrift 2/1986.)
  • Egeland, Marianne: Hvem bestemmer over livet? Biografien som historisk og litterær genre. Universitetsforlaget, Oslo 2000.
  • Egeland, Marianne: «Biografi og historieskrivning», i Historisk tidsskrift, bd. 81 (2002)
  • Furre, Berge: «Den historiske biografi II. (Symposion)», i Nytt norsk tidsskrift 2/1986.)
  • Kjeldstadli, Knut: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. Universitetsforlaget, Oslo 1992
  • Nordby, Trond: «Den historiske biografi III. (Symposion)», i Nytt norsk tidsskrift 2/1986.)
  • Nordby, Trond: Karl Evang. En biografi. Ascehoug, Oslo 1989.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier: den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814, Norskl slektshistorisk forening xxx
  • Possing, Birgitte: «Den historiske biografi som videnskab og som musikalsk fortælling», i Historisk tidsskrift 4/1999. (Førsteopposisjon ved Inger Elisabeth Haavets doktordisputas på avhandlinga Nina Grieg. Kunstner og kunstnerhustru. Universitetet i Bergen, november 1997.)
  • Plekhanov, G.V.: Om personlighetens roll i historien. Forlaget Arbetarkultur, Stockholm 1972. (Plekhanovs essay fyrste gong utgjeve i 1898.)
  • Salmonsens Konversationsleksikon bd. III, København 1915, oppslag Biografi.
  • Stone, Lawrence: «Prosopography» i Daedalus, Vol. 100, No. 1, Winter 1971. Nettversjon
  • Storsveen, Odd Arvid: «Biografisk historie eller litterær biografi», i Fortid 2/2011.
  • Thomsen, Niels: «Historien om frk. Zahle - er det historie?» i (Dansk) Historisk tidsskrift, bd. 92, hefte 2. Den danske historiske Forening. København 1992.