Blesterkroken 4 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blesterkroken 4
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 345
Type: Bustadseigedom

Blesterkroken 4 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Hovden Appartementshotell i 1978. I 1982 flutte Hill Kristin og Johannes Wendt Christensen hit. Dei kaupte huset hjå appartementshotellet i 1989.

Hill Kristin Christensen, f 1959

g m Johannes Wendt Christensen, f 1955. Born:
  • Martin, f 1978, butikksjef, busett Oslo
  • Irene, f 1982, fotterapeut, busett Oslo

Hill Kristin er fødd i Kirkenes, og dotter åt Jan Kristian Willemos Rognslid og kona Åshild Johanne, fødd Kjeldseth. Syster åt Hill heiter Ann Ebeltoft og bur også på Hovden. Ho er omtala i avsnittet om Blesterkroken 5, bnr 349. Johannes er frå Kolding i Danmark, og son åt Gyda og Keld Christensen.

Johannes er kjøkkensjef på Hovdestøylen hotell, medan Hill arbeider på ICA Hovden. Fyre dei flutte hit til bygda i 1982 budde dei i Danmark.

Hill Kristin Christensen. Bilete frå kommunearkivet.


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 4 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 3 • Neste bolk: Blesterkroken 5

Koordinater: 59.55716° N 7.36295° Ø