Kjeldearkiv:1893-01-29 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-01-29 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.1.1893
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 87
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Seljord Sundag 29-1-93.

Kjære Ivar!

Ja no er eg so trøyt, at eg ser ikkje Skilna paa Blekhuse og Katten som ligg paa Bore her og so tanketom og sliten, at det er ein Spegjil, men likevæl lyt du faa eit Par Linor. Det er ikkje forlite. – No gaar Klokka til fire – det er altso med andre Ord Maandan den 30te – og eg har siti her paa same Krakken lika truverdugt i heile Nat sia Kl. 8 i Gaarkveld. Kva eg tjona og tjaaka so hart med? Ja, vent no til eg kjem so langt. Du skal faa Greia paa det alt ihop; men fyst lyt du lova aa halda tett, so det inn til viare ikkje kjem ein Knyst over Skogen og ned i Heiddalen um dette her.

Det er denne [...] Chicagoudstillingi[1] som no um Dagen har tekje meg med Hud og Haar. Eg ha gaatt her sia i Haust og pint og vrie Hjernen min, for aa finna ut ein anstændig Maate aa koma meg til Chicago paa. Eg fann da tilsidst ut ei slags Plan, ei reint ugudeleg ei, og den er det, eg no i lang Tid har bendast med. Det maatte vera som Brevskrivar, som Korrespondent og Reporter og Journalist – og alt slikt med slike fine Namn paa – eg laut prøva. Men for at det skulde flaske seg, maatte eg ha ein heil Hærskare med Aviser, som eg kunde faa ljuga fulle. Her heime var det for faa; eg laut baade til Danmark og Sverige. Fyrst var det aa sikra seg ei norsk og ei dansk og ei svensk Avise, som kunde ta seg af Brevi mine, trykkja dei upp i Korrektur og senda umkring til alle dei andre. Paa den Maaten slapp eg med berre eit Manuskript til kvart af desse tri Lande. Og med det gjekk det bra nok. “Modersmaalet” i Haderslev tok paa seg aa syta for Danskarne. Eg kjende Redaktøren der[2] og han sleikte seg enda til like bakum Øyro, da han fekk Tilboe. I Sverige gjekk eg til ingen ringare enn K. P. Arnoldsson, som nyleg har begjyndt aa gjeva ut “Norrlands Dagblad” i Sundsvall. Jøss jau, det var uvandt med det. Han lova aa umsetja Brevi mine paa svenska og senda dei i Korrekturaftryk til alle andre som vil ha dei, og so uppgav han meg eit tjuge frisinna svenske Provindsbla, som eg borde knaka paa hjaa. – For denne Umaken skal so “Modersmaalet” og “Norrlands Dagblad” ha Brevi til eige Bruk gratis. Men den norske Utgaava tenkte eg helst aa faa trykt i Chicago – held ogsaa fekk eg Hektografera. –

Naa! Jau so gav eg meg til aa skriva – skreiv Friarbrev som store Skyflokar for kvar Post, skreiv til alle dei Bladfillur eg kunde uppspørgja i dei tri skandinaviske Lande og Riger. Men berre Vingstreblad natlivis og berre Provindsblad, for eg kan ikkje skriva for anna enn Bondetampar utover Bygderne, Folk som lite har vore ute og lite har set. Og i Kveld gjorde eg liksom Bufore. No ligg her ei heil Tylvt med Friarbrev. Eg er komen til No. 69, og det skal vera det sidste. Fæle Brev er dei. Eg lyg og kjyter og skryter, so det er ikkje Maate paa det. Men det er ingor ’an Raa held stinga Nasen til Vers og vera fræk: Eg er nemleg ein Helvites Fyr til aa skriva og er gamal og erfaren som Bladmann. For eg har vore Hønsedreng i “Opl. Avis” i 7 Maana, og so kan dei vita da. – Og so legg eg ut um Programmet: Eg er i Chicago til Ustillinge opnast, slær meg i Ro der i tvo-tri Maanar til eg fær glaamt meg væl mæt paa heile Herlegheita. I den Tid eg er der, lovar eg eit Brev for Vika – stutte og greie, som berre eg kan skriva dei. So pakkar eg Skreppa og gjer ein Sleng vestover – til “the far West” – ei liti Rundreise i Jowa, Wis, Minn og Dakota, der Skandinaverne bur som tjukkast for aa setja meg inn i Nybyggjarlivet og sjaa korleis Utflytjarfolke stullar og steller i dei nye Heimom sine paa hi Sia Blaamyra. Fraa denne Reisa skriv eg, so ofte eg har noko som er værd aa fortelja. Naar alt dette er gjort, vender eg Nasen austover att og kjem aat Kleiven til Jolekvelds – dersom da ikkje ei held onnor grundrik amerikansk Miss. blir so forgapa i meg at eg ikkje slepp utu tøtom. Held dersom eg ikkje tulla meg so altfor langt mot Vest, at det blir beinaste Heimvegen over Kina og Indien; Da tek eg Landvegen fraa Kalkutta og kjem at ruslande gjenom Asien og Rusland. – Jaha, berre no alt dette kunde imponera desse ærede Hr. Pressefolk. Men det er fult for, det glett. Eg har alt høyrt fraa nokre af dei fyrste eg fiska etter: Danskarne. Men der nedi er det liti Von; for han E. Staal – Sakføraren, du kjenner fraa Vælas Gang og Dagblae – skal reisa, og han har sikra seg kvar evige Avise dernedi for eit halvt Aar sia. Men likevæl har tvo, tri Sjæle biti paa Kroken min au; for “mit Tilbud og min Stil var so fristende” at dei var ikkje Kar til aa halda seg. Neiggu um dei var. Men dei fleste Danskar har eg enno ikkje høyrt noko fraa. Her heime ventar eg meg det likso kleint. Eg har hittil høyrt berre fraa “Grenmar”, og det var: Nei Takk. Han snakkar noko um “et udenlandsk Korrespondancebureau” som skal halda det med Chicagobrev. – Kva no det kan vera for noko [...]. Vonleg noko i Retning av “Pears Soap”. Hellest gruvde eg mest for Maakestad’n her til Lands. – No nettupp har eg bedste Voni paa Svenskarne, desformedelst at eg ingenting har høyrt fraa dei. Friarbrevi mine er ikkje ein Gong komne over Grensa enno.

Ja dette var altso Plano. Men det er enno berre ei luftig Plan, og difor vil eg ikkje det skal spyrjast uppi Heiddalen. Hender det so gale, det blir noko av, skal du nok faa vita det. Men det er det ikkje rar Von til Gubære. – Av norske Aviser forlanga eg 2 Kr pr Brev, av Danskarne og Svenskarne, som har bære Raa, krev eg 2,50. So gaar eg og smeikjer for Thingvallalinjen og snakkar um Fragtmoderasjon, og Fredrik Lie let so ymse her ein Dagen. Og i Chicago laut Skyldfolke mit skaffe meg billigt Uphald, um so var, for det er greidt, det skal Pengar til for aa liva i Chicago den store Somar 93. Men enda maatte eg vel mindst ha 25–30 Aviser alt i alt, for under 200 Kr Maanan var det ikkje Botvon, kan eg tru. – No ja me fær no sjaa. Eg fær læstso ha ei Von, solengje eg ikkje har faat nei fraa allesaman. Eg skal seinar utover halda deg a jour. Eg snakka med Filseth paa Veslehamar i Haust, og han slog til med ein Gong, Tosken. Likso kneip eg Samhold paa Gjøvik. – Og so ikkje eit Ord meir um dette i Nat. Det var store Ting, eg kom so langt. Men so blir det held ikkje noko anna. Eg borde nok helst danska, ser eg; for i Vinter har eg kjøyrt so paa Svensk at det blir berre stauka til med Vaagemaale no.

Ja det var mange Ting, eg skulde ha rala um, men eg lyt gjeva tapt. Og so har eg da att Vyrkje til eit slikt Brev til, og denne Gongen skal du ikkje bia lengje, før du fær ein Sø til fraa meg.

Eg høyrer vel snart fraa deg? Tusen Takk for dei tvo sidste gjilde Brevi eg fekk.

Nei Far! – Gud forlaate Syndi – No krek Klokka hart innpaa fem. Um væl saa tvo Timar skal eg uppatt og so er det aa sitja rota i gamle Kontrabøker i heile Morgo til Kl ni – halv ti. – Men bi no berre til eg fær kvilt væl ut att, for det maa no vel lena paa noko no frametter.

Venleg Helsing til alle paa Kleiven – ogsaa deg – fra[a]

Kristian

Fotnoter

  1. World’s Columbian Exposition, halden frå 1. mai til 30. oktober 1893. Utstillinga markerte 400-årsminnet for Columbus’ oppdaging av Amerika, men skulle òg vise at Chicago hadde reist seg etter den øydeleggjande brannen i oktober 1871.
  2. Redaktørar på denne tida var Axel Sabroe og Jens Larsen Jørgensen. Det er uvisst kven Prestgard kjende.