Kjeldearkiv:1893-08-23 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-08-23 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 23.8.1893
Stad: Chicago
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 98
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Chicago 23de Aug 93.

448 West Fullerton Ave.

Kjære Ivar!

Tusen Takk for Breve. Ja, du skulde havt ein Sø lengje, men neiggu, det er ikkje greidt. Og det blir ikkje lang Leksa i Dag held, for eg har slikt Krim, at Gud bevare deg; det er sopas at det tyt og pullar Snår utav kvar ein Opning paa Kroppen min. Djæven til fule Veraatte her i Amerika.

Enno er det berre so vidt, eg har faat Tid til aa sakna Murudalen og Bjørgevollane, men det renn for meg sume Tier, naar eg gaar imillom desse værste Skjyskraparom midt nedi tjukkaste Byn og olbogar meg fram paa harde Livet. Det er so kvævt og trongt. Og alle har travelt. Og so fræser det og kvin av Hjul og Greier og bivra og skjelv af Damp og Elektricitet kor ein snur seg av, so det er ikkje greidt for Folk med Nerver.

Hellest har eg funne meg ein ny Bjørgevoll. Det er Lincoln Park. Og den er so vid, at eg korkje ser held høyre noko til Chicago. Og der er det Tre og Gras og friskt og fredlegt; og so like ved opne Have – sjølve Michigansjøn. Der er det, eg sit under ei Lind, held kva [...] det er, og bedriv “Amerikabrev” um Dagarne og lørja og lyg saa det berre staar etter – so som Skik og Bruk er.

No det er ikkje so greidt aa vera Bladmann held. Fyrst aa renna rundt og glo mest Augo ut av Hausen, so til den og so til hin Autoritet for so faa Upplysninger, og so er det aa setja seg ned aa smia ihop alt dette her. Og det er det værste. Eg arbeider tungt – seint, meinar eg – det vil du sjaa av Brevi mine au. 3 Dagar av Vika gaar med til desse Breve, men so er det 3 Utgaavor av dei, – norsk og dansk og svensk og stundom tri skilde Brev. Hellest lyt eg vist snart slutte med denne Skrivargeskjæften. Baade er vel Breve mine “mindre egnet” og saa har eg ikkje Raad til aa halda paa. Inntekti av heile Skrivingi strek vel so langt, at eg umlag har frit Blek og Papir og Porto, og sjøl um eg, som Reporter, har frit Spasi paa Utstillingen, so kjem eg enda ikkje billigt fraa det. Dertil kjem, at det er ikkje saa vidt aa koma med ein Dollar her som med ei Krona heime, enda Priserne her no, ikkje lenger er over det almindelege. Eg har enno ikkje lytt meg um etter noko Mushol, men eg lyt snart til. Hellest blir det ikkje greidt i desse Trængselens Tider; men det skal vel ein [...] te, som han Tore sa; for liva det vil eg um eg so skal gaa ut paa Gata og pudse Sko.

Eg vanka mykje i “Skandinaven”. Det er ei avbragsleg stor Forretning. Dei brukar mykje Papir og Bogtrykkjersværte og har 7–8 faste Mann i Redaksjonen, og eg tenkte ei Tid, det maatte vera Geskjæft for meg aa faa der. Men Nikolai Grevstad, som er “Hovedredaktør” synes meg aa vera reint ei Pragtutgaave av ein forsteina Norskamerikaner; eg ha kjeftast med han eit Par Vendor, so no er det vist ute med heile Herlegheita.

Hellest skulde det nok vore Moro aa gaat her rusla som Bladmand eit Par Maanar til. Fyrst for Utstillingen Skuld, sia for Chicago og tilsidst for Skandinaverne i Chicago. Eg har so smaat byrja kome ind i Klublivet. D. v. s. eg ha vore berre i “Dansk Ungdomshjæm” og so “Arne Garborg-Klubben”. Denne sidste er no den mest umsnakka. Det er raue, moderne, unge Kristianialiterater og Folk av den Ulli – som Haakon Nyhus og slike. Men vist er det, at dei bedste Nordmenn i Chicago dei fins i denne Klubben.

–Ja Utstillingi gjet eg ikkje eit Ord um denne Gongen. Det vesle eg har aa segja um den, fær du vel au smaat um senn sjaa i Framgang. For eit Par Dagar sia smurde eg avsta femte Breve. I Gjaar og i Dag skulde eg ha vore nedi den Kvite By[1] etter Emne til eit nyt eit; men som eg sa; eg vinn ikkje meir held sitja her og graate og snyte meg. Jau, eg var da sopas, at eg kom meg up Kl 6 i Dag lell og møtte Ullmann og Emil Frøen paa Stasjonen. Ullm. saag frisk og spræk ut. Meininge er at han skal draga til San Francisko med ein Ruf – ja endog i denne Dag –. Men det var berre Maakestaden som har lagt Plana slik, og det er ikkje sagt Ullm akseptera ho. – Eit par gamle Elever af Ullmann tok og strauk med han heim til seg, og so vart Emil staa'n att der som Takk for sidst. So laut eg til aa losa han, [...] mange Mil burtigjennom Byn til Herberget hans. Det vil da segja, me var like mykje kunnige baae to. Ein [...] snaal Kar den Emilen. No tenkjer eg, han skal skriva noko herlege Krøturartikle i Dagbladet. – Ja Maakestaden ja. Han kom her Vika etter meg, og no ha han gaat her og interviuvet Konsuler og Lorder og Mr. den og Mr. den og gjæsta alle, som har noko viare til Namn. Han er like snill og like snurrig og like vigtig som i gamle Dagar. Me stullar mykje ihop. Ein dag hende det seg, at me var samla heile 4 Vetteraner fraa Siljordsskulen i 85: Maakestad, eg, Aarekol og Herborg Utne. Det var Moro. Herborg kom for eit Aar sia og er givt[2]. Aarekol er og givt[3], men han kom hid i Vaar berre for Utstillingen Skuld. Han arbeier paa eit Snikkarverksted for aa tene upp at[t] nokre Reisepengar, og i Haust stryk han heim att.

Ingebjørg Solberg er eg ofte i Lag med. Ho er 3 Aar gamal i Chicago; ho saumar Handskar. Kvar Sundag tek me os ein Trip tvaueine i Humbolt Park, der ho bur tett ved – men du tarv alder vera redd for meg. Ho ymtar sumti paa aa reisa heim til Hausta, men det blir knapt noko av. Aasmund Grave, som kom her ein Maana fyre meg, senda dei ut i Wisconsin paa Jarnvegsarbei. Gud bevare os! –

Hr. Pastor Ola Kirkeberg ha eg au gjesta. Men det er ein [...] ortodoks Turrpinne. I September kjem Ole Jensen hit. Likso Ola Stokkestad. Det blir Leben.

– Ja saa mange Taarer ha eg alder i mine Dagar fellt under Brevskriving før; men no fær du ogso undskylda. Blir eg bra i Morgo, skal eg losa Emil Fr. ut til Utstillingi. (den 24de: Aa neiggu vart eg held bra i Morgo.)

Til Lykke med Studentom dine; men gløym ikkje Gamle-karane dine held. Naar eg no fær funne meg eit skarve Mushol sjøl, so skal eg leita upp eit til deg og. – No skriv du paa hellige Flekk.

Hjarteleg Helsing til deg og alle kjende.

Din Kristian

Fotnoter

  1. Utstillingsområdet i Chicago i 1893, etter dei nyreiste, kvite bygningane der.
  2. Grip Utne.
  3. Maria Måge.