Brynild Anundsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brynild Anundsen (fødd 29. desember 1844 i Gjerpen, død 25. mars 1913 i Decorah, Iowa) var norsk-amerikansk aviseigar, som grunnla og dreiv Decorah-Posten.

Slekt og familie

Han var son av Anund Brynildsen Brækkejord (1817–1903) og Maren Amundsdotter Berberg (1812–1883).

I 1865 gifta han seg med Ester Mathilde Charlotte Hoffstrom (1838–1889). Tolv år etter at ho døydde gifta han seg for andre gongen med Helma Beatha Hegg (1872–1951).

Liv og virke

Han vart fødd inn i enkle kår, og måtte tidleg ut i arbeid. Då han var tretten eller fjorten år gamal vart han boktrykkarlærling. Etter ei tid gjekk han til sjøs, og i 1864 utvandra han til USA. I Wisconsin vart han settar i avisa Fædrelandet i La Crosse. Der var han ei kort tid, før han verva seg for å slåss for nordstatane i den amerikanske borgarkrigen.

Etter at krigen var over tenkte han å byrje for seg sjølv. Det fyrste prosjektet var bladet Ved Arnen, eit litterært medlemsblad utgjeve i La Crosse frå 1866. To år seinare tok Den norske synode, det største norske kyrkjesamfunnet i USA, kontakt med han for å få trykka tidsskriftet deira hjå Anundsen. Han sa ja til dette, og byrja trykke Kirkelig Maanedstidende. I 1869 byrja han for eigen rekning å gje ut nyhetsbladet Fra Fjærnt og Nær. I 1870 måtte han legge ned både Ved Arnen og Fra Fjærnt og Nær, då underskotet vart for stort.

I september 1874 gav han ut fyrste utgåve av Decorah-Posten. Vekeavisa gjekk til tider met underskot, men inntektane frå Kirkelig Maanedstidende dekka det opp. Då Den norske synode i 1877 fekk eige trykkeri og sa opp kontrakta for Kirkelig Maanedstidende, hadde Decorah-Posten fått bedre kår, så Anundsen klarte seg uten kyrkjebladet. Han kunne óg ta opp Ved Arnen att, som litterært tillegg til avisa. I 1885 hadde Decorah-Posten eit opplag på 20 000, og Anundsen tente godt på ho. I 1894 gjekk han over til å gje ut avisa to gonger i veka, og rundt 1900 var det heile 37 000 abonnentar.

Anundsen var med på å skipe Den norsk-danske presseforening i 1895, og vart foreiningas fyrste president. Han hadde òg vore med på å skipe Det norske Selskab i Decorah i 1878, og i 1903 var han med på å skipe Den norske kirke. Han vart utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1906.

Litteratur