Byggstøylvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byggstøylvegen sett frå Vråvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Byggstøylvegen i Vrådal i Kviteseid kommune tar av sørover frå Vråvegen ved Lunden og buktar seg vestover til småbruket Byggstøyl (gnr. 4/5). Han er 2,9 kilometer lang.

Vegen har namn etter Byggstøyl-gardane.

I gardssoga skriv Olav Bakken om Byggstøyl (gnr. 4/1):

Langt opp i fjellsida ovanfor Vrå, ligg denne garden lognt i ein kvæv beint mot morgonsoli. Det er no bilveg dit dei 2 km frå allmannvegen. Det har vori ei skogvidde på om lag 5 000 mål og 50 mål dyrka jord. Til garden har høyrt plassane Skare, Neirbø og Undeberg og staulen Grønhovd. Garden vart dela i 1938. Eit bureisingsbruk vart skild ifrå. Husi på hovudbølet er rivne og flutte, og garden er utlagt til beite og gror til etter kvart.
  • Nr. 191, Underberg (bnr. 2), var plass under Byggstøyl.
  • Nr. 261, Byggstøyl (bnr. 10). Husestaden på bnr. 1 er skild ifrå og det vart sett opp feriebustad der for mange år sidan.
  • Nr. 350, Byggstøyl (bnr. 5), er det omtalte bureisingsbruket.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.
  • Kviteseid historielag si heimeside.


Koordinater: 59.34291° N 8.26276° Ø