Bykle mellomalderkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle mellomalderkyrkje
Sted: Bykle kyrkjebygd
Byggeår: Før 1327
Endringer: Reve kring 1619
Kirkegård: Bykle kyrkjegard
Kirkesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkja
Frå 1537: Den norske kyrkja
Bispedømme: Stavanger
Prosti: Otredal
Prestegjeld: Valle
Sokn: Bykle

Bykle mellomalderkyrkje er namnet vi lyt gje åt ei kyrkje som er nemnd i Bykle første gongen i 1327. Då skreiv ein paveleg utsending «Eccl. de Buglum» i rekneskapen sin.

Det har vore diskutert om mellomalderkyrkja kan ha vore den kyrkja vi no kjenner som Bykle gamle kyrkje. Men Alfred Ryningen er overbevisande når han avviser dette.[1] Han peikar først og fremst på byggjemåten. Bykle gamle kyrkje er lafta og panelt. Panelet kunne jo vere satt på seinare, men vi kjenner ikkje lafta kyrkjer frå mellomalderen i området, og dei var i det heile særs sjeldne. Stokkane stemmer heller ikkje, dei peikar meir mot 1600-talet enn mot 1300-talet eller tidlegare. I 1619 var kyrkja i dårleg stand, og byklarane søkte biskopen om å få byggje ei ny. Dei fekk løyve, og Bykle gamle kyrkje daterast til 1619–1620.

Ryningen meiner at mellomalderkyrkja må ha vore ei stavkyrkje. Dette vert styrka av ein rapport frå Ulrik Hendriksen til Riksantikvaren etter ei synfaring i 1929. Han skriv at det er brukt stokkar frå ein eldre bygning i Bykle gamle kyrkje, og at desse ser ut til å kome frå ei stavkyrkje, og at dei så er nytta på anna vis i den nye kyrkja. Vi finn altså material frå mellomalderkyrkja, men ikkje på sin opphavlege plass.

I 1619 sto mellomalderkyrkja truleg framleis, for dei klarte å halde messe der. Heilt sikre er vi ikkje, for i eit brev skreve 15. september 1619 går det tydeleg fram at kyrkja var falleferdig, og dei kan jo ha halde messe på kyrkjebakken. Det som er klart er at det skulle byggjast ei ny kyrkje, og at presten skulle kome fra Valle – opp den farlege Byklestigen – tre gonger i året for å halde messe i Kyrkjebygdi. Det er all grunn til å tru at mellomalderkyrkja sto på same staden som Bykle gamle kyrkje, og at ho vart reve i 1619.

Referansar

  1. Ryningen 1995: 16.

Litteratur

  • Ryningen, Alfred: «Kyrkja» i Bykle kyrkje 375 år : Bykle kyrkje i Setesdal 1620-1995 : jubileumsskrift. Utg. Bykle sokneråd. [Bykle]. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.

Koordinater: 59.35192° N 7.34417° Ø