Christopher Hansen Nyrop (1680–1733)
Christopher Hansen Nyrop (fødd 29. mars 1680 i Lødingen, død 29. mars 1733 i Kristiansand) var biskop.
Han var son av Hans Pedersen Nyrop og Benedicta Storm, faren var sokneprest i Lødingen prestegjeld.
Han gjekk latinskulen i Bergen, og vart immatrikulert ved Københavns Universitet 17. juli 1697. Han vart huslærar hos sokneprest Poul Glad i Eid i Nordfjord i 1700, frå 1703 også personellkapellan hos han. Då Glad døydde i 1709 freista Nyrop å få kallet etter han, men rokk ikkje opp. I staden vart han skipsprest hos admiral Peter Raben.
Han vart sokneprest i Herrested på Fyn i 1711. I 1714 vart han sokneprest i Nyborg, og same år vart han tillike prost i Vinding og heidra med magistergraden. Han vart utnemd til biskop i Kristianssand i 1720, og hadde dette embetet til sin død i 1733.
Reidar Bolling skriv i Norsk biografisk leksikon at Nyrop «høyrer til våre mest dugande biskopar på 1700-talet.»
Han var første gong gift med Malene Glad i 1706, dotter av Poul Glad og Malene Rasmusdotter. Ho døydde på barselseng året etter. Han vart andre gong gift i 1712 med Elisabeth Kirstine Hiort (1691–1755), dotter av sokneprest Hans Gregersen Hiort og Ellen Poulsdtr Boesen.
Kjelder
- Bolling Reidar: Christopher Nyrop. Norsk biografisk leksikon. Utg. Aschehoug. Oslo. 1949. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Christopher Hansen Nyrop (1680–1733) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |