Benedicta Storm (1653–1704)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Benedicta Storm (fødd ca 1653, død ca 1704) var prestekone i Ofoten på siste del av 1600-talet.

Ho var dotter av Mikkel Storm og Sophie Bredahl, faren var fogd i Salten.

Ho var gift med Hans Pedersen Nyrop, han var prest i Lødingen prestegjeld frå 1678 til sin død i 1700. Nyrop skriv om dottera Anna (f. 1695) at ho er deira 13. barn. Ved skiftet etter Nyrops død i 1701 er det 8 barn i live, mellom dei sonen Christopher Hansen Nyrop som vart biskop i Kristiansand. Dei fire yngste døtrene budde framleis heime, og fulgde med Benedicta då ho i 1701 flytta til enkesetet Hov.[1]

Det var ikkje store verdiar i boet etter Nyrop. Skifteprotokollen viser en samla verdi på 488 rdl, og ei gjeld på 367 rdl. Benedicta og døtrene fekk forutan personlege eigedelar med seg 7 kyr og ein del husgeråd, jordbruksredskap og fiskeredskap.[2]

Referansar

  1. Til skilnad frå andre kjelder skriv Naustvik at Benedicta flytta til enkesetet allereie i 1697. Naustvik (1994) s. 228
  2. Nielssen (1990) s. 374

Kjelder


Artikkelen Benedicta Storm (1653–1704) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.