Constance Vislie (1901–1993)
Constance Vislie (fødd Holmboe 8. oktober 1901 i Tranøy, død 1993 i Oslo) var lærar.
Ho var dotter av Louise Holmboe, fødd Schetelig, og Leonhard Christian Borchgrevink Holmboe. Faren var prest og gjorde teneste mellom anna i Værøy, Folda og Lødingen.
Ho tok lærarskuleeksamen i 1925 og jobba tre år som lærar i Lødingen.
6. juli 1928 var ho gift med Geirmund Vislie. Han var son av Vetle Vislie og Gerda Marie Annerlöv. Constance var mor til Lousie (Lise) Vislie (f. 1929, gift med kulturredaktør Finn Jor), Vetle (f. 1931) og Anne (f. 1935). Dei budde ei tid i Sarpsborg, og sidan i Oslo.
Dottera Lise sendte i 2006 utdråg frå brev Constance skreiv medan ho var lærar i Lødingen til dåværande sokneprest i Lødingen Gøran Bremnes. Noko av innhaldet vart publisert i Årbok for Lødingen i 2007.
Kjelder
- Kjellesvig, Morten. Slekten Holmboe gjennom 400 år. Utg. Fogd Jens Holmboes legat. Tromsø. 2002. Digital versjon på Nettbiblioteket. s. 481
- Strand, Helge. Omgangsskolelærer på Strand og i Valvågen 1926/26 i Årbok for Lødingen. Lødingen. 2007. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Constance Vislie i Historisk befolkningsregister
| Artikkelen Constance Vislie (1901–1993) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |