Dagmar Strand (1922–2022)

Dagmar Strand (født 11. desember 1922 i Grue, død 4. februar 2022 i Kongsvinger) var lærarinne. Ho var frå Grue Finnskog, utdanna seg ved Elverum lærarskule, og arbeida for det meste ved ulike skuler i daverande Brandval kommune.

Dagmar Strand, bilete frå Norske skolefolk av 1952.

Familie

Dagmar Aslaug Ingeborg Dahlsbø vart født i Grue Finnskog, og var dotter av Ingeborg og Anton Dahlsbø.[1] Mora Ingeborg var født og oppvaksen i Grue Finnskog, med djupe røter i Hokkåsen krets i Brandval, mens faren Anton var frå Selje i Nordfjord. Begge foreldra var utdanna som lærarar, og hadde truffi einannan ved Elverum lærarskule, og faren var i arbeid ved Løvhaugen skule på Grue Finnskog. Mora arbeida sannsynlegvis ikkje mens Dagmar var lita, men kom seinare i arbeid ved ulike skular i bygda.

Virke

Ifølgje Norske skolefolk gjekk ho på Bjerkely ungdomsskule i åra 1940-1941, og ved Grue private realskule i 1944-1945. Etter andre verdskrigen kom ho til Elverum lærarskule, der ho tok eksamen i 1949, slik som begge foreldra hennar hadde gjort tretti år tidlegare. Etter studiene vart Dagmar Dahlsbø tilsett som lærarinne ved Bånerud skule i Brandval, der ho var i åra 1949-1951. Her hadde mora Ingeborg vori lærarinne tidlegare. Dagmar vart verande i Brandval, men frå 1951 var ho ved Brøderud skule, der ho vart fast tilsett i 1958.[2] I 1958 vart ho òg gift med Henry Strand. Dei fekk ei dotter, og etter kvart to barneborn.[3] Seinare kom ho til Roverud skule, der ho ser ut til å ha vori ei stund. I 1974 fekk ho gullklokke av Kongsvinger kommune «for 25 års lærergjerning ved Bånerud, Brøderud og Roverud skoler».[4]

Som pensjonist var Dagmar Strand med i pensjonistforeininga på Roverud, og ho deltok på hundreårsjubileet for Bånerud skule i 1994.[5] Ho sovna stille inn den 4. februar 2022, og vart gravlagt 16. februar frå Grue Finnskog kyrkje.[6]

Glomdalsbrur

Andre pinsedag 1946, under studietida i Elverum, vart Dagmar kåra til glomdalsbrur. Dette gjekk føre seg under Østerdalsfesten, som var ei stor feiring på Glomdalsmuseet arrangert av Østerdalslaget i Oslo. Ein del av denne feiringa var å kåre ei ung jente frå dalen til glomdalsbrur, 1946 var fyrste gongen etter andre verdskrigen denne kåringa vart gjort, og Dagmar Strand var den fyrste glomdalsbrura som kom frå Solør. Ifølgje Glåmdalen var fire tusen menneske til stades ved denne feiringa.[7] Tjue år seinare fortalte ho dette om dagen:

Jo da, dagen jeg var brud på Glomdalsmuseet var rik på inntrykk. Men 20 år er gått siden da, så noe spesielt husker jeg faktisk ikke lenger [...] Men jeg synes det er festlig å se Glomdalsbruden med følge komme ridende en vakker forsommer. Da tenker jeg, at slik har våre forfedre ridd til bryllups århundreder. Og jeg mener at den slekt som vokser opp har godt av å se hvordan det var før i tida. Jo, nå husker jeg en ting: Dagen var en påkjenning, det var fælt å bli «beglodd» etterpå![8]

Fotnoter

  1. Etternamnet blir av og til skrivi Dahlsbø, slik som i bygdeboka for Grue Finnskog, av og til som Dalsbø, slik som i Norske skolefolk.
  2. Fremad til lys og liv, side 251 og 263.
  3. Glåmdalen, 15. november 1958, side 12. Digital versjonNettbiblioteket. Glåmdalen, 10. desember 1997, side 62. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Glåmdalen, 19. desember 1974, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Glåmdalen, 4. juli 1994, side 34. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Glåmdalen 9. februar 2022, side 23. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Glåmdalen, 11. juni 1946, side 2. Digital versjonNettbiblioteket. Glåmdalen, 12. juni 1946, side 2 og 4. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Østlendingen, 15. juni 1966, side 15. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur