Ingeborg Dahlsbø (1897–1988)

Ingeborg Dahlsbø (født 17. september 1897 i Grue, død 26. september 1988 i Elverum) var lærarinne. Ho hadde virket sitt ved fleire ulike skuler på Grue Finnskog, mellom anna ved Svullrya skule, samt eit par år ved Bånerud skule i Brandval.

Ingeborg Dahlsbø, bilete frå Norske skolefolk av 1952.

Ætt og familie

Ingeborg Dahlsbø var født Ingeborg Johnsen Meldalen.[1] Ho vart født på Grue Finnskog, og var dotter av Arne Johnsen Meldalen (1856–1926) og Olava Møllerud (1863–1954). Ingeborg vaks opp som den fjerde i ei syskenflokk på åtte på bruket Søndre Meldalen på austbredden av Skasen.[2] Familien hadde djupe røter i Hokkåsen krins i Brandval, der både far og mor hennar var fødte. Faren Arne var son av Arne Johnsen (1817–1904) frå Midtre Kamphaug, og av Anne Gudmundsdotter (1827–1880) frå Elverum, som var i teneste på Bånerud i Brandval.[3] Dei kom til Søndre Meldalen kring 1860, da vesle Arne var fire år gammal. Mora Olava hadde vaksi opp på Brudal i Hokkåsen, dit familien hadde komi litt etter 1865.[4] Far hennar, Ole Andersen (1818–1873), var født på Mjølnerud, der farsætta hans hadde vori sidan tidleg 1700-tal.[5]

Virke

 
Elverum lærarskule på Folkvang. Ingeborg gjekk ut herfrå i 1919.
Foto: Anders Beer Wilse (1920).

Som ung dame byrja Ingeborg Johnsen Meldalen å studere ved Elverum lærarskule. Her tok ho eksamen i 1919, same år som Anton Bernhard Dahlsbø (1895–1955) frå Selje i Nordfjord. Ingeborg og Anton må på eit tidspunkt ha vorti kjæraster, for dei vart gift 4. april året etter. Dette året var dei busatt i Åsgårdstrand i Vestfold, der han arbeida som lærar i middelskulen. Dei fekk etter kvart ein son og tre døtrer, og ei av døtrene, Dagmar, vart seinare lærerinne som foreldra sine.

Ifølgje oppslagsverket Norske skolefolk arbeida Anton som lærar ved Nore Kraftanleggs skule i åra 1921-1924, men Ingeborg var tilsynelatande ikkje i arbeid der. I 1924 fekk Anton arbeid som lærar ved Løvhaugen skule på Grue Finnskog, så da kom dei heim til heimbygda hennar. Anton vart verande ved Løvhaugen til 1952.[6] I og med at dei fekk alle borna sine i 1920-åra, er det mogleg at Ingeborg var heimeverande mor på denne tida, men i andre halvdel av 1930-åra er det råd å spore henne frå skule til skule: Seinast i 1938 var ho ved Rotneberg skule, som vart vedteki nedlagt på denne tida. Avisa Østlendingen meldte 18. juli at skulebarna skulle bli overført til Svullrya skule, mens «fru Ingeborg Dalsbø» skulle til Askogsberget skule for skuleåret 1938-1939.[7] Ho vart formelt tilsett her september same år.[8]

Askogsberget skule lå på Askosberget, heilt søraust på Grue Finnskog, og her vart Ingeborg Dahlsbø verande iallfall tre år. Mange år seinare fortalte ho om minna sine frå denne tida, der ho måtte pendle lang veg frå Løvhaugen til Askogsberget, sommar som vinter, ikkje sjeldan i kaldt vêr:

Fra Løvhaugen til Askogsberget måtte jeg enten gå, sparke eller sykle, mat måtte jeg frakte med meg for hele uka. En gang husker jeg spesielt, jeg sparket fra Løvhaugen og den 12 kilometer lange veien til Svullrya. Det var 30 kuldegrader der. Jeg var helt forfrossen da jeg kom fram til Askogsberget. Der var det 21 kuldegrader i rommet jeg skulle ligge om natta, jeg måtte sprengfyre og sitte fullkledd.[9]

Ingeborg var her òg under andre verdskrigen, og var mellom anna vitne til at folk flykta over riksgrensa: «Jeg så flere ganger flyktninger som dro over til Sverige, og jeg opplevde også at noen spurte om veien.»[10] Etter krigen var ho ved ulike skuler: Skuleåret 1945-1946 var ho ved Skasenden skule, deretter var ho ved Vålberget skule saman med Anton det siste året det var skule der.[11] 17. september 1947 fylte Ingeborg Dahlsbø femti år, og vart heidra med notisar i Østlendingen og i Glåmdalen, der det heiter at ho no skal slutte ved Skasenden skule og byrja ved Bånerud skole i Brandval.[12] Her hadde ho halv post i åra 1947-1949, deretter tok dottera Dagmar over for henne.[13]

Den siste delen av yrkeslivet sitt tilbrakte Ingeborg Dahlsbø ved Svullrya skule, som i etterkrigstida vart den nye sentralskulen på Grue Finnskog.[14] Her vart ho verande fram til ho sa opp stillinga frå 1. juli 1963, i ein alder av 65 år. Skulestyret takka henne for «langt og trofast virke».[15] Til Glåmdalen fortalte ho at ho bare hadde gode minne frå tida som lærarinne på Finnskogen: «Elevene har vært greie og medgjørlige, og vi er bestandig kommet godt overens.»[16] Som pensjonist busette ho seg i Elverum, og der budde ho da ho gjekk bort i 1988.

Fotnoter

  1. Både Ingeborg, ektemannen Anton og borna deira blir av og til nemnt som Dahlsbø, slik som i bygdeboka for Grue Finnskog, av og til som Dalsbø, slik som i Norske skolefolk.
  2. Trøseid 1990, side 216.
  3. Brandvalboka - Hokåsen, side 76.
  4. Brandvalboka - Hokåsen, side 66.
  5. Brandvalboka - Hokåsen, side 286-288.
  6. Trøseid 1990, side 365.
  7. Østlendingen, 18. juli 1938, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Kongsvinger Arbeiderblad, 26. september 1938, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Skolene i Grue, side 190.
  10. Skolene i Grue, side 190.
  11. Skolene i Grue, side 185 og 208.
  12. Østlendingen, 17. september 1947, side 4. Digital versjonNettbiblioteket. Glåmdalen, 17. september 1947, side 6. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Fremad til lys og liv, side 251.
  14. Skolene i Grue, side 155.
  15. Glåmdalen 11. juni 1963, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. Glåmdalen, 26. juni 1963, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur