Edvard Liljedahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Edvard Apolloniussen Liljedahl (fødd 6. august 1845 i Vik i Sogn, død 10. oktober 1924 i Vik) var lærar, postmeister og ein framståande politikar for Venstre og Moderate Venstre. Han voks opp på Hopperstad i Vik, og foreldra var lærar og kyrkjesongar Apollonius Liljedahl (1806-1884) og Britha Olsdotter Hopperstad (1809-1889).

Lærarskule – Kyrkjebø

Som 18-åring byrja Liljedahl i 1863 på den nyskipa Balestrand lærerskole der han tok eksamen i 1864. Han gjekk deretter Stord seminar. Etter eksamen i 1866 fekk han ein post som lærar og kyrkjesongar i Kyrkjebø.

I Kyrkjebø vart han raskt ein sentral person i lokalstyringa. Han sat i kommunestyret i 14 år og var varaordførar 1876-1885, ordførar 1887-1891 og forlikskommisær i 18 år.

Rikspolitikar

Liljedahl var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt frå 1880 og var der ein nær politisk alliert av Jakob Sverdrup. Han høyrde til den moderate lågkyrkjelege retninga i Venstre og følgde Jakob Sverdrup over i Moderate Venstre etter kløyvinga av partiet i 1888. I 1885 stod han saman Lars Oftedal i spissen for motstandarane av diktarløn til Alexander Kielland. Han var òg statsråd i Johan Sverdrups skadeskotne regjering dei fire siste månadene før regjeringa gjekk av i 1889. Då han vart attvald til Stortinget 1889-1991, vart han den fremste talsmannen for den moderate gruppa.

Han vart postmeister i Ålesund i 1891 og var då ute av politikken nokre år. I 1894 kom han inn på Stortinget att for Ålesund og Molde og sat til 1906 trass i at han var postmeister i Bergen 1901-1904. Denne tida på Stortinget var han odelstingspresident (1899-1900), stortingspresident (1900-1903) og formann i kyrkjekomiteen (1903-1906). Frå 1906 til 1909 sat han på Stortinget for einmannskrinsen Ytre Sogn etter å ha vunne over den reine Venstre-representanten. Også no var han Stortingspresident (1908-1909), men etter konsolideringa av Venstre i 1908 vart han stengd ute av partiet. Etter 1909 var han ute av rikspolitikken bortsett frå eit år som kyrkjeminister i Jens Bratlies regjering i 1912.

Målmann

Liljedahl var målmann seinast frå byrjinga av 1880-åra og var ein av dei fyrste som arbeidde for målreisinga i Kyrkjebø. Seinare viktige målmenn i Sogn som Kyrkjebø-gutane Andreas B. Vamraak (fødd 1861) og Olav Sande (fødd 1850) gjekk her i lære hjå han.

Han var ein av få som tala dialekt eller nynorsk i Stortinget. Etter ein budsjettdebatt våren 1881 fekk han den attesten av målavisa Fedraheimen at han var «den av alle tingmenn som mest heilt og fulltonande hev late Norigs mål lyda i Norigs tingsal».

Han var ordstyrar under amtslærarmøtet i Vadheim i september 1884 der vadheimresolusjonen om jamstelling mellom landsmål og norsk-dansk vart vedteken. Han var med på å følgje opp resolusjonen i februar 1885 då han var ein av 41 stortingsrepresentantar som kom med framlegget om jamstellingsvedtaket. Han deltok i ordskiftet om saka i april/mai og heldt der innlegget sitt i ordskiftet om saka på sognemål.

Familie

Liljedahl gfite seg i Lavik 18. oktober 1869 med Barbra Einarsdotter Ramsli (1850-1928) frå Kyrkjebø. Dei budde i Vik etter at Liljedahl var ute av rikspolitikken.

Kjelder og litteratur