Erik Strand (1877–1945)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Strand.

Erik Strand (fødd 12. oktober 1877 i Nord-Aurdal, død 7. juni 1945) var ein lensmann og politikar frå Nord-Aurdal i Valdres. Han var ordførar i Nord-Aurdal 1920-1926 og sat på Stortinget for Bondepartiet 1931-1933. Som lensmann i Nord-Aurdal vart han utnemnt i statsråd til å leie administrasjonsstyret i Torpa kommune, då ho gjekk konkurs i 1929. Fordi han ikkje ville gå inn i NS, vart han i 1941 avsett som lensmann.

Bakgrunn

Erik Andreas Knutsson Strand vart fødd på garden sørre Midtstrønd i Nord-Aurdal. Han var den andre sonen til Eli Eriksdotter f. Aaberg og Knut Toreson Strand. Fem av syskena hans vaks opp: Tore (1875-1924) gardbrukar, Torbjørn (1879-1928) lærar ved NTH, Astrid (1883-1896), Ingvar (1888-1974) gardbrukar og Olaf (1891-1979) ingeniør i NVE.

Etter middelskuleeksamen i Aurdal i 1894, gjekk Strand på Elverum lærarskule og blei uteksaminert derifrå i 1897. Den første lærarjobben var eit vikariat i naboheradet, Vestre Slidre, men allereie etter eitt år der vart han tilset i ei kombinert stilling som lærar ved Strand skule og kyrkjesongar i strøndakyrkja. Strand vart i stillinga i 26 år.

Strand gifta seg i 1904 med Berit Syversdotter (1884-1943) frå nabogarden Sør-Strønd, og i 1906 fekk dei dottera Elida. Familien fekk i 1914 frådelt ein del av sørre Midtstrønd og bygde opp sitt eige bruk der.

Lokalpolitikk

I 1910 vart Strand for første gong valt inn i heradsstyret og han sat to periodar som representant for Svennes sokn før han ba seg fritatt. Han gikk då inn som leiar av næringsnemnda i kommunen. Dette var nemnder herada satte ned for å auke matproduksjonen og avhjelpe matmangel under første verdskrigen.

Ved neste heradsstyreval i 1919 gikk han inn att i lokalpolitikken og vart no ordførar. Han blir attvalt i 1922 og 1925, men seier frå seg ordførarvervet våren 1926 då han får stillinga som lensmann i Nord-Aurdal. Frå 1923 er han nestleiar i Fylkestinget[1] .

Strand var medlem i Frisinnede Venstre, men då Landmandsforbundet, seinare Bondepartiet, vart eit politisk parti i 1920, gjekk han med der. Han vart i 1921 den første leiaren for forbundet sitt politiske arbeid i Valdres og i underavdelinga i Nord-Aurdal .

Etter å ha vore borte frå lokalpolitikken i fleire år, kom han i 1934 attende til heradsstyret, no på Borgarleg fellesliste. Då perioden var over i 1937, trekte han seg frå vidare politisk arbeid.

Administrasjonsstyret for Torpa

I 1929 vart Erik Strand utnemnt i statsråd til å leie Administrasjonsrådet for Torpa kommune. Kommunen hadde gått konkurs og vart satt under administrasjon samtidig som ho vart råka av ei av dei lengste arbeidskonfliktane i norsk historie. Randsfjordkonflikten, som stod om retten til tariffavtale for tømmerfløterane, varte heilt til 1936, og var prinsipiell viktig for dei borgarlege partia så vel som for Arbeidarpartiet. Stans i skogsarbeidet skapte stor naud i Torpa og gjorde at mange familiar vart avhengige av kommunal støtte. Dermed vart det ein politisk dragkamp om forsorgsutgiftene i heradet, og Administrasjonsstyret vart ståande midt i krysselden[2].

Den lokal arbeidarpressa, Oppland Arbeiderblad, retta harde åtak mot Erik Strand som meldte redaktøren for ærekrenking. Det kom til forlik der avisa trekte attende visse utsegn[3].

Stortingsarbeid

Medan han hadde oppdraget i Torpa, vart Erik Strand valt inn på Stortinget som nummer tre på Bondepartiet si opplandsliste. Han sat som Bondepartiet sin einaste representant i Justiskomiteen og fekk ei viktig rolle då Mowinckels andre regjering vart felt våren 1931 for å ha gjeve løyve til utanlandsk oppkjøp av Lilleborg fabrikker[4]. Elles markerte Erik Strand seg særleg som sparepolitikar og som motstandar av offentleg naudsarbeid.

Erik Strand ønskte ikkje attval til Stortinget og vart dermed sitjande berre ei periode.

Andre verv

I 1934 vart han utnemnt til medlem i styret for den nyoppretta Statens lånekasse for jordbrukere . Dette vervet hadde han fram til 1940. Lånekassa medverka sterkt til at den langvarige gjeldskrisa i jordbruket tok slutt.[5]

Erik Strand sat i ei lang rekke lokale komitear og utval. Han vart åstedskommissær og kom med i fattigstyret første gongen i 1911, var lagrettemann første gongen i 1916 og var i ei årrekke formann i forlikskommisjonen. Attåt dette var han kyrkjeleg interessert og var i fleire år formann i Strand misjonsforeining.

Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1937.

Erik Strand var lensmann i Nord-Aurdal i 1940, men sumaren 1941 vart han oppsagt for di han ikkje ville melde seg inn i Nasjonal Samling. Han fekk stillinga attende 10. mai 1945, men døydde 7. juni same året.

Litteratur og kjelder

  • Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise i mellomkrigstiden: Statens lånekasse for jordbrukere, 1982.
  • Lundberg, Berit: Frå fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida, Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo 1995.
  • Erik Strand i Historisk befolkningsregister.

Referansar

  1. Oppland Fylkestings forhandlingar 1920-1925
  2. Lundberg, Berit: Fra fellesskap til konflikt. Politiske og økonomiske utviklingstrekk i Torpa i mellomkrigstida. Universitetet i Oslo 1995
  3. Oppland Arbeiderblad 18.3.1932
  4. Stortingstidende. Referat fra forhandlingar i Stortinget og Odelstinget
  5. Hveding, Øistein: Landbrukets gjeldskrise: Statens lånekasse for jordbrukere, Statens landbruksbank 1982

Vidare lesing

  • Strand, Anne Mette: Stridsmann frå Strønd : ei bok om menn og politikk i Valdres 1905-1940. Kvitvella forlag, 2020.