Færing (Uskedalen,1963)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Færing (Uskedalen,1963)
Færing Uskedalen 01.JPG
Museumsnummer HFS.0008
Båttype Strandebarmer
Lengde 16 fot
Største bredde 5,1 fot
Antallbordganger: 4
Antall rom 2
Antall årepar 1
Byggeår 1963
Framdriftsmidler: Motor, Årer
Motortype Kohler, ensylinder
Kommune Kvinnherad kommune
Nåværende eier: Hardanger Fartøyvernsenter


Båten blei kjøpt frå Strandebarm eller Tørvikbygd i 1963 av Arnt Isaksen i Uskedalen i Kvinnherad kommune. Isaksen var pensjonist og brukte båten til heimefiske. Båten er no utstilt på Hardanger Fartøyvernsenter.

Motorfæring er bygd i Strandebarm som ein typisk båt berekna på Austlands-marknaden. Han har 4 bordgangar, skvettripe på innsida av esingene, tolleganger (ikkje keipar), låge stamntoppar. Båten er ein færing, men har berre eitt årepar. I det bakre rommet står motoren, ein einsylindra luftkjølt Kohler (produsert i USA). Ein kan sjå at båten er bygd for motor på gjennomføringa av propellhylsa. Propellen har to blader, er vribar. Aktertofta har hengsla ryggstøtte som kan vippes ned.

Kjelder

  • Tekst i utstillingen, Hardanger Fartøyvernsenter.

Ekstern lenke