Fallbekkvegen (Seljord og Vinje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fallbekkvegen sett nordover ved Grytåi sitt utlaup i nordenden av Gjevarvatn.
Foto: Roy Olsen (2021).

Fallbekkvegen går sørover frå vegen Gjevarvatn i Seljord kommune. Ved Grytåi kryssar vegen kommunegrensa mot Vinje, men etter 570 meter går han inn att i Seljord og endar ved nr. 344 på Revsnes. Det går også ei forgreining av vegen sørvestover mot Kloppemyrane. Vegen fram til Revsnes er om lag 3,5 kilometer lang.

Namneopphavet til vegen er truleg støylen Fallbekk som ligg ved bekken Fallbekk nær vegens ende. Det er fleire namn med Fallbekk i her – myra Falbekkstorren, Fallbekkhovi, Fallbekkodden og Fallbekkgronnan i Gjevarvatn. Namnevedtak vart gjort i 2010.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.60565° N 8.27558° Ø