Ferjesambandet Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982. I 1984 vart ferjeleiet på Hitrasida flytta frå tettstaden Sandstad til Justenøya. Sambandet vart trafikkert av Fosen Trafikklag. Ferjene som vart bruka var MF «Hitraferja», MF «Austråt», MF «Lagatun» og MF «Ladejarl». Heile ferjesambandet vart nedlagt da Hitratunnelen opna for fri ferdsel den 8. desember 1994.
Kjelder og litteratur
- Sæther, Stein Arne: «Ferjene i Midt-Norge», i Adresseavisen 2.12.2004.
- Fergesambandet Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad på Wikipedia på bokmål og riksmål
Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Fergesambandet Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden. Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon. |