Fix Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fix Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven grunnlagd sommaren 1934 av Karl og Sverre Lyshol, Olav Andreassen og Olav Furseth. Dei fekk tilhald i kjellarlokala i privathuset til Andreas Furseth på Klokkarhaugen. Andreas var far til Olav Furseth.

Produksjonen var stoppa lenestolar og salongar. Treverket tok dei frå Tynes og Mjøen Trevarefabrikk. Ein hovudkunde for verksemda var Ingvald Hatlevik Møbelforretning i Ålesund. Då denne velta over ende rett etter oppstartinga av Fix, fekk lenestolfabrikken ein lei knekk. Ein større avtale med Møbelhuset i Bergen heldt på å berge dei ut av knipa. Men då det såg ut til å gå galne vegen med Møbelhuset også, fann innehavarane av Fix det best å avvikle medan dei framleis hadde kontroll. Lenestolfabrikken Fix var i drift berre nokre få månader. Truleg var dette første kunden til J.E. Ekornes Fjærfabrikk. Jens Ekornes rodde ein seinsommardag i 1934 over fjorden med to tidusinpakkar med fjører til Fix Lenestolfabrikk. Dette forretningssambandet kom ikkje til å bli varig, men Jens leitte opp nye kundar med båten sin.

Kjelde