Fjordmannsleia
Fjordmannsleia er ei kulturminneløype som er blitt sett saman i Herøy kommune på Sunnmøre i samband med Kulturminneåret 2009.
Løypa Fjordmannsleia startar i Måløysundet, om lag der Rovdefjorden og Voldsfjorden møtest. Ho går nordover, over Leikongbukta og rundt Årsnespynten til Kjeldsund. Vidare til Dragsund, så mellom Dimna og Gurskøya og mellom Indre Røyra og Kriksholmane. Leia fortsett utover Kvitøystraumen, vestover mot Bymannen og nordom Storneset, vidare på innsida av Gullura. Vidare vestover gjennom Stokksundet nord om Nautøya til Herøy. Vidare nordover mellom Bergsøya og Leinøya til Flusund, Leinevikja og vestover til Fosnavåg. Til sist går leia heilt vest til Flåvær og Flåvær Fyr, som er endepunktet for Fjordmannsleia.
Fiskarane inne i fjorden, frå Ørsta og Volda, rodde om vinteren fiske ved havgapet ute ved Herøy. Dei kunne liggje vel ein månad og fekk seg husly på gardane, i sjøbudene eller i såkalla Fjordmannstover.
Kjeldsund
Kjeldsund er ein tidlegare handelsstad og gjestgjevargard, så vel som tingstad i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Handelen på staden er slutt. Ein del av bygningane var frå 1948 til 1955 bortleigd som husmorskule, Søre Sunnmøre Husstellskule. Skulen er avvikla og flytt til Ørsta. Bygningane er no i bruk som misjons- og ungdomsenter — Kjeldsund Ungdomssenter — som blir eigd og drive av Det Norske Misjonsselskap (NMS).
Dragsund
Stokksundet
Herøy
Flåvær Fyr
Hele eller deler av Fjordmannsleia er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes. Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten. |