Flatdal mekaniske verkstad
Flatdal mekaniske verkstad blei starta av Hallvard Haugen (1924–1984) i Flatdal i Seljord kommune i 1958. Verkstaden produserer mellom anna grafikkpresser for kunstnarar. Terje Grøstad var den fyrste som bestilte ei slik presse.
I 1960 kjøpte broren Gunnar Haugen (1934–2014) seg inn, og i 1961 tok dei opp lån for å kjøpe fleire maskiner. I 1971 selte Hallvard Haugen seg heilt ut av verkstaden. Gunnar Haugen videreutvikla Flatdalspressa på 1980-talet, og eksporterte presser til både England, Island og USA.
Gunnar Haugen var utdanna landbruksmekanikar, og hadde læretid frå Trosvik Verksted.
Verkstedet har i nyere tid gjennoppstått som Flatdal Mekaniske AS, og drivast av Tor Håkon og Thomas Haugen, barneborn av Gunnar og Hallvard Haugen.
Kjelder og litteratur
- Grunnbok henta frå Digitalarkivet.
- Vest-Telemark Blad, 4. november 1977.
- Hansen, Hans K. B. og Ånond Versto: Streif langs Sogevegen : ein turguide for Flatdal, Svartdal, Ambjørndalen og Hjartdal. Utg. Uteksti forlag. 2023. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hallvard Haugen i Historisk befolkningsregister.
- Gunnar Haugen i Historisk befolkningsregister.